15. juli 2026
17. juli 2026
18. juli 2026
19. juli 2026
20. juli 2026
21. juli 2026
22. juli 2026
Den andre reisedagen starta umenneskeleg tidleg. Eg skulle ta ferja frå Stockholm til Åland, og reiarlaget Tallink Silja Line ville plent stenga innsjekkinga ein halvtime før avreise. Avansert ferje, altså, som har ein såpass omfattande prosess for å kunna lukka igjen lemmane. Då er det mykje enklare å reisa mellom Hjelmeland og Nesvik.
Resepsjonisten på hotellet hadde heldigvis vore hyggeleg nok til å tilby meg ein frukostpakke kvelden før, sidan eg kom til å gå glipp av frukostbufféten. Med maten pakka ned i sekken, labba eg bort til terminalen for å sjekka inn.
Sidan eg hadde nytta meg av Interrail-rabatten, måtte eg i tillegg innom skranken, og snakka med eit levande menneske, for å bevisa at eg hadde Interrail-billett. Innsjekkingsautomaten forstod seg nemleg ikkje på slike billettar. Kven var det som sa at datamaskinar og kunstig intelligens skulle ta over jobbane våre?
Vel om bord på MS «Baltic Princess» måtte eg sjekka i resepsjonen kor eg kunne sitja med billettklassen Deck.
– Kor som helst, svarte ho bak skranken.
Det høyrdest nesten for godt ut til å vera sant. Dei tre siste somrane har eg reist med Fjord Line og Color Line mellom Noreg og Hirtshals for å følgja gutungen på fotballcup. Der må ein anten bestilla ein overprisa lugar eller prøva å finna eitt av dei få ledige seta blant omtrent 137 andre fotballag på ferjeturane til og frå Danmark.

Turen min i år gjekk fredfullt utover den svenske skjergarden, mellom grøne øyar, idylliske sommarhus og små båthamner.
Digresjon: Eg hugsar så vidt då IKEA på Forus blei farga blått og gult for å gjera det svenske opphavet tydelegare. Her ute i skjergarden såg det nesten ut som om nokon hadde tenkt det same om ferjene.

Etter kvart forlét me den svenske skjergarden, og segla ei stund på ope hav.

Den gamle losstasjonen ligg ytst mot havet før innseglinga til Mariehamn – hovudstaden i Åland – og blei det første tydelege teiknet på at me nærma oss eit litt spesielt land.
Eg visste sjølvsagt at Åland høyrer til Finland. Men då me blei ønskte velkomne av det blå, gule og raude flagget, gjekk det opp for meg at dette landet, som ikkje er eit land, kanskje er bortimot eit eige land likevel.
I boka «Prosjekt Grenseløs» skriv Streifelyst-kollega Jørn Bjørn Augestad om Åland som eit sjeldan eksempel på ein land som eigentleg ville vera sjølvstendig, men som likevel har klart å leva i harmoni med moderlandet i over hundre år: Finland har respektert at Åland vil ha sitt eige språk og kultur, medan ålendingane har late Finland ta seg av stor-politikken. Kanskje ligg noko av løysinga nettopp der: Treng eit folk sitt eige, sjølvstendige land, så lenge dei blir møtte med respekt for språket, kulturen og måten dei lever på?

Åland har sitt eige parlament, si eiga regjering og eigne lover på mange område, medan Finland mellom anna tar seg av utanrikspolitikken.
Demilitariseringa har røter tilbake til fredsoppgjeret etter Krimkrigen i 1856. I dag inneber ordninga mellom anna at Åland ikkje skal ha festningsverk, at militært nærvær er strengt avgrensa, og at øyane skal haldast utanfor krigshandlingar.
Sidan den lokale rutebussen, som skulle ta meg med på ein rundtur, allereie var fem minutt forseinka, tok eg ein råsjanse på å fotografera meg sjølv saman med velkomstskiltet.

Dermed fekk eg ta føtene fatt og gå til eit tidlegare buss-stopp, for å slå i hel litt tid fram til neste buss-avgang. Eg hadde trass alt kome til Åland for å sjå meg rundt, ikkje for å stå stille ved ein ferjeterminal. Og dei to timane som billetten min var gyldig, hadde allereie begynt å telja.

At så mange store ferjer legg ruta innom Åland, handlar ikkje berre om at folk skal av og på. Då Finland blei medlem av EU, blei Åland halde utanfor skatteområdet til unionen. Dermed kan ferjene framleis selja varer avgiftsfritt når dei legg turane innom Åland. Dette har vore viktig for å oppretthalda ferjetrafikken mellom Finland og Sverige.

I denne butikken hadde eg eit håp om å finna ei Åland-nål til verdskartet heime i stova, men den trivelege dama som driv butikken, hadde diverre ikkje nøyaktig den typen flagg-nåler som eg bruker.
Ho var sjølv reiseglad, og hadde funne ei anna løysing:

Dette var ikkje til hjelp for verdskartet mitt, men det var absolutt ein god idé som eg kan ta med meg vidare.


Det firemasta lasteskipet blei bygd i Skottland i 1903, og er bevart nesten slik det var då det segla med tømmer, salpeter og korn over verdshava. Den siste kommersielle reisa var i 1939, og sidan 1952 har skuta vore museumsskip i Mariehamn.
«Pommern» er ei passande påminning om kor viktig sjøfarten har vore for Åland. I fleire hundre år reiste ålendingane til Stockholm (Sverige) og Åbo (Finland) for å selja mellom anna fisk, ved, smør, kjøt og ull. Seinare blei dei ålandske seglskutene ein del av den internasjonale skipsfarten.
Eg svinga inn på esplanaden (lindealléen) som følgjer Storgatan frå Västerhamn til Österhamn. Eg har knapt høyrt eller lese ordet esplanade før, men eg fekk raskt sansen for konseptet:

Planen var nå å ta bussen frå neste haldeplass, Ukrainaplatsen.
Det verka først litt merkeleg at ein busshaldeplass på Åland, over tusen kilometer nord for Ukraina, skulle ha dette namnet.

Det ligg ein sterk ironi i at Russland har eit konsulat akkurat her på Åland, for å følgja med på at landet framleis er fredfullt og demilitarisert, medan folk samlar seg rett utanfor konsulatet for å protestera mot Russland sin meiningslause krig mot eitt av sine eigne naboland.
Men nå skulle vel snart bussen vera her? Eller…Ved å undersøka rutetabellen nærare, oppdaga eg at bussen ikkje kom til å stoppa på Ukrainaplatsen.
Så då var det berre å traska vidare igjen, stadig nærare sentrum av Mariehamn.

Mariehamn blei planlagd allereie midt på 1800-taket, med breie gater, store tomter og ein kilometerlang esplanade mellom dei to hamnene. Kyrkja blei ikkje ferdig før i 1927, og var ei gåve frå skipsreiarparet August og Johanna Troberg.
På ein benk like ved kyrkja venta eg til det endeleg var tid for å entra ein av dei lokale rutebussane, og få ein skikkeleg rundtur på Åland.
Og rundtur blei det sanneleg.
Først køyrde me gjennom Storgatan, så via Ukrainaplatsen, der bussen ikkje ville sleppa meg på, og vidare forbi hamna, der eg hadde mista den første bussen. Deretter gjekk turen sørover over fleire øyar og bruer, heilt til vegen blei smalare og smalare.



Eg stiller meg undrande og svært tvilande til at desse, mine landsmenn, har noko som helst å bidra med på ein rockefestival. Denne "rockefestivalen" er ikkje etter min smak, blei min personlege konklusjon.
Litt lenger borte i gata låg den lokale bokhandelen.

Eg begynte å få ein mistanke om at dei likar nordmenn her ute på Åland.
Hotellet låg omtrent hundre meter frå busshaldeplassen eg hadde reist frå over ein time tidlegare.

Eg sette frå meg ryggsekken, og gjekk rett ut i byen igjen. Eg var sikker på at Åland hadde meir å by på.

Det er altså ikkje berre Sverige og Finland som har sett spor etter seg på Åland: Ei russisk tsarina har gjeve namn til hovudstaden. Ålendingane gjer det likevel tydeleg at dei verken er svenske, russiske eller heilt som resten av Finland.
Opp trappene bak statuen ligg Stadshuset, rådhuset i Mariehamn. Åland har seksten kommunar, sjølv om heile øygruppa berre har litt over 30.000 innbyggjarar. Mariehamn er den einaste byen, og dermed den klart største kommunen i folketal.

Eitt av ankera stammar frå eit sjøslag i 1720, då fire svenske skip gjekk til åtak på ein russisk flåte i Föglöfjärden, som førebudde seg på å rykka vidare mot Stockholm. Under dramatikken gjekk dei tre svenske fregattane på grunn, og blei kapra av russarane. Det siste svenske skipet – eit linjeskip – måtte sleppa ankeret for å snu 180 grader, før dei kutta ankertrossa og flykta ut på ope hav. Ankeret blei gløymt i over 240 år, før nokre amatørdykkarar fann det – og to andre anker – på havbotnen, og fekk berga dei på 1960-talet.

Figuren held sitt eige hovud framfor seg, omtrent som Hamlet, når han funderer over livet, døden og det store spørsmålet om å vera eller ikkje vera.
I vår tid ville Hamlet kanskje ha droppa hovudskallen, tatt fram ein mobiltelefon, funne den beste vinkelen og spurt:
– Å posta eller ikkje posta?

Så langt hadde eg knapt sett finske fargar eller finske flagg nokon plass. Her gjekk det i blått, gult og raudt. På bussane, skilta, suvenirane og flaggstengene blei eg minna om at eg var på Åland. Ingenting minna meg på at dette eigentleg er finsk territorium.
Då eg leita etter informasjon om øyane før turen, kom eg over ei oversikt over innspelingsstader for film og fjernsyn. Éin av dei låg i Käringsund på Eckerö, der fleire scener frå «Vi på Saltkråkan» blei spelte inn.
Eg hugsar ikkje særleg mykje frå serien sjølv, men bileta viste ei lun vik med gamle sjøbuer og båthus på rekkje langs vatnet. Det såg ut som ein stad som var verd ein avstikkar.

Tida var ikkje var på mi side. Eg hadde berre ein knapp halvtime før den siste bussen for kvelden skulle kjøra tilbake til Mariehamn.
Dermed rakk eg ikkje å setja meg på gastropuben Bodegan og nyta utsikta over hamna. Eg fekk likevel sett dei gamle sjøbuene som ligg langs bukta, og som framleis blir brukte av folk som steller båtane sine og drar ut på Austersjøen for å fiska eller kopla av.




Tilbake ved Eckerö-terminalen trøysta eg meg med ei velfortent sjokoladeiskule, før eg sette meg inn i den varme bussen.
På veg tilbake mot Mariehamn, berre eit steinkast frå ferjeterminalen, skimta eg eit svært og staseleg bygg mellom trea. Det var Eckerö post- och tullhus. Eg hadde sjølvsagt ikkje tid til å gå av, men kunne lesa historia under bussreisa.
Etter krigen i 1808–1809 mista Sverige Finland og Åland til Russland. Dermed blei Eckerö den ytste russiske utposten mot vest. Det gamle og stusslege postkontoret blei ikkje lenger rekna som representativt nok for det russiske imperiet. Tsaren ville ha noko langt meir imponerande:

(Foto: Ralf Roletschek/Roletschek.at)
Det er ganske fascinerande at ei øygruppe som i dag framstår som fredeleg og tilbaketrekt, éin gong låg midt i frontlinja mellom to stormakter.
Vel tilbake i Mariehamn måtte eg gå forbi den lokale drosjesentralen på veg til hotellet.

Etter ein heil dag på Åland hadde eg slutta å tenka på øygruppa som ein del av Finland. Språket var svensk. Flagget var ålandsk. Bussane, skilta, frimerka, registreringsnummera og historia var deira eiga.
Åland er eit land som ikkje er eit land, og som difor ikkje er representerte i verken FN, EU eller NATO.
Men etter denne dagen er eg ikkje heilt sikker på om ålendingane treng eit eige land heller. Dei ser ut til å ha funne sin eigen plass mellom Sverige og Finland, mellom aust og vest, og mellom sjølvstende og fellesskap.
Og dei har klart dette, utan å mista sin eigen kultur og identitet.

