Ein dagstur frå Wien til Bratislava skulle gje nye inntrykk frå éin av Europa sine hovudstader, men besøket blei ei overraskande kort og litt skuffande oppleving.
Eg stod opp svært tidleg i Wien, med planar om å få mest mogleg ut av ein dagstur til Bratislava, hovudstaden i Slovakia. Då eg kom fram, og hadde vandra rundt i eit par timar, sat eg likevel igjen med kjensla av at eg allereie hadde sett det meste, for det var eigentleg ikkje så mykje å sjå.
Når du køyrer inn i byen frå vest, passerer du ei bru med eit observasjonstårn som liknar ein UFO. Derifrå har du flott utsikt over byen sitt største landemerke, Bratislava slott.

Uheldigvis for meg, var heile slottet under oppussing då eg var der, så det einaste som stod igjen å utforska var gamlebyen. Det tok ikkje lang tid før eg hadde sett det meste, og snart var eg på veg tilbake til Wien.
Wien og Bratislava er dei to hovudstadene i verda som ligg nærast kvarandre. Bussane går ofte, og turen tar om lag éin time. Eg reiste med eit selskap som heiter Student Agency, og billetten kosta berre fire euro. Inkludert i prisen fekk ein varm drikke servert på bussen, aviser og eigne skjermar til underhaldning.
Med unntak av Chișinău i Moldova, trur eg Bratislava er den kjedelegaste hovudstaden eg har besøkt i Europa. Eg hadde håpa på noko meir aust-europeisk, slik byen blei framstilt i filmen Eurotrip. I staden for fekk eg inntrykk av ein by som prøver å vera meir vestleg, med moderne bygg og nokre statuar her og der, og som dermed hamnar ein stad midt imellom.

For dei som vurderer ein dagstur hit, vil eg eigentleg heller anbefala å bli éin ekstra dag i Wien, eller besøka ein annan austerriksk by som Graz eller Linz. Det gjeld sjølvsagt berre dersom du ikkje har tid til å sjå fleire slovakiske byar. Eg høyrde nemleg at stader som Košice, Trnava, Levoča og Bojnice skal vera svært vakre.


