Etter fleire rolege dagar på Tuvalu tok me ein båttur til Tuvalu Conservation Area; eit nesten urørt paradis med turkist vatn, levande korallrev og strender som knapt har sett turistar.

Tuvalu består av åtte busette øyar. Om lag halvparten av innbyggjarane bur på hovudøya, der hovudstaden ligg, medan resten er spreidde utover dei andre øyane.
Etter å ha vore her i fire dagar, og gjort nesten ingenting, tenkte eg at det kunne vera fint å koma seg litt bort for ein dag. Då eit tysk par foreslo ein tur til Tuvalu Conservation Area, var eg raskt med på planen.

Prisen var 200 dollar for ein båt, med ein naturvernansvarleg og ein båtførar. Først syntest eg at det verka dyrt, men turen blei organisert av styresmaktene, og kunne berre gjennomførast på denne måten.
Då me klarte å samla saman alle dei fem turistane som var i landet – pluss éin fiskar – blei prisen berre 30 australske dollar per person. Vanlegvis tar dei òg 50 dollar per kamera som ein tar med seg på turen, men det slapp me denne gongen, så då var alle fornøgde med prisen.

Båtturen til den første øya tok rundt 45 minutt. Då me nærma oss, fekk vatnet ein turkis farge, og når me såg ned i sjøen kunne me sjå kor krystallklart det var; og kor levande og friske korallane under oss verka.

Etter éin time på den første øya hoppa me tilbake i båten, køyrde i rundt tjue minutt og gjekk i land på den andre.
Strendene der var like vakre, og fargane like sterke, men det som gjorde denne øya endå litt meir spesiell, var revet som enda i eit stup på om lag tretti meter. Der ute svømde store mahi-mahi og andre imponerande fiskar. I landet som får tredje færrast turistar kvart år, hadde eg ikkje venta å finna noko som eg vil kalla éi av dei mest urørte og vakre strendene i verda.

