16. juli 2026
17. juli 2026
18. juli 2026
19. juli 2026
20. juli 2026
21. juli 2026
22. juli 2026
I fjor avslutta eg Europa-ekspedisjonen med tanken om at dette eigentleg berre var starten på neste kapittel. Nå er det på tide å halda det løftet.
Dei sju komande dagane skal eg ut på ein ny backpacking-tur. Årets prosjekt: «Rundt Austersjøen», der reiseruta går gjennom Stockholm, Åland, Turku, Helsinki, Tallinn, Vilnius, Warszawa, Berlin og Amsterdam, før eg vender heim igjen.
Planen for årets ekspedisjon liknar veldig på fjorårets: Eg skal reisa kollektivt og pakka alt eg treng for éi veke i reise-ryggsekken min. Eg skal vera nysgjerrig, ta ting som dei kjem og samla på nye opplevingar, historier og minne frå plassar og folk som eg møter undervegs på reisa.
Eg landa i Stockholm onsdag kveld, og Arlanda Express tok meg på elegant og behageleg vis frå flyplassen og rett inn til sentrum. Derifrå gjekk turen vidare med tunnelbanen til Gamla Stan, den eldste bydelen som har vore hjarta i Stockholm sidan 1200-talet.

Det er spesielt å koma til Stockholm. Byen er bygd på holmar og øyer, så vatnet er aldri langt unna. Her møtest innsjøen Mälaren og Austersjøen, og nesten uansett kor eg snur meg, ser eg ei bru, ei kyrkje eller eit anna praktbygg rundt neste hjørne.
Det er heller ikkje vanskeleg å forstå kvifor så mange nordmenn tar turen hit. Gjennom hundrevis av år har Noreg og Sverige delt både historie, konfliktar og fellesskap. I dag er me først og fremst naboar som reiser fram og tilbake over grensa, utan å tenka noko særleg over den krigerske forhistoria vår.
Eg rusla vidare ut på Riddarholmen, der Riddarholmskyrkan stikk opp med det karakteristiske støypejernsspiret sitt. Kyrkja er ei av dei eldste bygningane i Stockholm, og heilt sidan 1600-talet har ho vore gravkyrkje for dei svenske kongane.



Når ein finn slike praktbygg i andre land, kan det slå meg at det er litt synd at den norske grunnlova av 1814 forbaud adelstitlar og privilegier. Men den tanken varer berre i nokre sekund. Eg likar eigentleg mykje betre at folk er ganske like, og at til og med kongen vår er så folkeleg at han kan sitja på eit keyboardstativ og fella ei tåre medan han handhelsar på fotball-landslaget.



Eg merkar at eg kanskje er i overkant fascinert av parlamentsbygningane i hovudstadene som eg besøker. Men det er sannsynlegvis fordi dei er meir enn berre kontorbygningar: Dei symboliserer maktfordeling, demokrati og dei institusjonane som styrer landet.
På same måte som med parlamentsbygningane, prøver eg nesten alltid å få med meg palasset til statsoverhovudet når eg kjem til ein ny hovudstad.
Ja, eg veit at det er ein sær hobby.
På veg mot Kungliga slottet såg eg noko heilt uventa:


Det som kanskje fascinerer meg mest med Stockholm, er kor mange imponerande bygningar, i heilt ulike arkitekturstilar, som ligg samla innanfor nokre få hundre meter. Gamla Stan er nesten som eit friluftsmuseum, men i motsetnad til norske friluftsmuseum, er alle desse bygningane framleis i dagleg bruk.

Eg vurderte eit augeblink å stikka innom for ein liten prat om korleis dei fordeler inntektene sine. Me som skriv tekstar og komponerer musikk, får framleis altfor lite igjen kvar gong nokon trykker på play-knappen. Det vanlege motargumentet er at låge utbetalingar blir kompensert av enorm rekkevidd. Det er sant at Spotify gjer det mogleg å nå lyttarar over heile verda, men utan musikken, finst det heller ingen strøymetenester å selja. Begge partar skaper verdiar, og begge bør få sin rettmessige del av kaka, meiner eg.
Uansett kva Spotify måtte meina om denne saka, håpar eg at flest mogleg oppdagar og set pris på Røyst (Spotify/Apple Music); det nye musikk-prosjektet til meg sjølv og Oskar Ommundsen.
Eg hadde eigentleg tenkt å avslutta dagen med denne disputten med Spotify, men på veg mot busshaldeplassen…

Full av inntrykk, men òg holsvolten etter ein lang dag på reise, kunne eg fortæra ein velfortent sandwich med skagenrøre og blåbær-kombucha på hotellrommet.
Førebels konklusjon: Dette blei ein god start på ekspedisjonen rundt Austersjøen.

