Tarawa – hovudstaden i Kiribati

På den smale atollen Tarawa i Kiribati fekk eg berre eit kort glimt av livet i eitt av verdas minst besøkte land.

På veg inn og ut av Tarawa flyg ein over fleire av dei 33 atollane som utgjer Kiribati.

Reisa mi til alle FN-landa i Stillehavet, førte meg til denne vesle øystaten, som er det einaste landet i verda som ligg på alle dei fire halvkulene.

Nok ein gong hadde eg høyrt at dette var éi av dei dyraste stillehavsøyane å besøka, så eg var førebudd med ei falsk hotellbestilling (som eg hadde avbestilt), for å kunna visa noko til immigrasjonskontrollen, dersom dei spurde kor eg skulle bu.

Eg slo opp hengekøya mi i nærleiken av flyplassen, sjølv om eg seinare fekk høyra at Betio ville vore ein betre stad å overnatta. Då eg kom ut frå flyplassen rundt klokka seks om kvelden, heldt matseljarane på å stengja. Eg fekk likevel kjøpt dei siste nudlane som dei hadde igjen, og gjekk derfrå inn i skogen, der eg hengde opp hengekøya og åt kveldsmaten min.

Først var eg litt uroleg for at eg kanskje skulle møta den same immigrasjonsmannen eg hadde lurt tidlegare, men etter ei stund skjønte eg at eg heller burde vera uroleg for dei lause hundane som eg kunne høyra bjeffa i det fjerne. Eg låg stille i hengekøya, og heldigvis kom dei aldri nær.

Takeaway-middag i hengekøya mi, medan eg håpa at hundane ikkje kjende lukta.

Neste morgon vakna eg tidleg, pakka saman hengekøya og gjekk ned til stranda for å snorkla. Det var ei fin oppleving, særleg etter ei natt der eg hadde sveitta mykje.

Etter badet gjekk eg langs vegen for å utforska litt før neste flyavgang. Ein vennleg australiar stoppa og spurde om eg ville sitja bakpå scooteren hans. Eg hoppa på, og blei med han til ein kafé som heitte Chatterbox, der me kjøpte ein litt overprisa sandwich til seks australske dollar. Han fortalde at han pleidde å koma hit kvar morgon for ein smoothie, og for å møta andre utlendingar som budde der.

Atollen er svært smal, og vegen går nesten heilt ute ved havet.

Dei anbefalte meg å besøka krigsminna frå den andre verdskrigen i Betio, men det låg ganske langt unna – om lag éin times kjøretur – og eg hadde berre nokre få timar igjen før neste fly. Difor tok eg i staden ein minibuss til éin dollar tilbake til flyplassen.

Eg fekk ikkje oppleva så mykje av Kiribati denne gongen, og håpar å koma tilbake ein dag. Høgdepunktet var utan tvil snorklinga i det krystallklare vatnet med svært friske korallrev; truleg fordi Kiribati er eitt av landa i verda som får aller færrast turistar. Det seier dei òg sjølv i slagordet sitt:

Kiribati is for travelers, not tourists.