Ei veke i Monrovia

Etter fleire månader på reisefot i Afrika fann eg det velkjende vestafrikanske bylivet i Monrovia, med både kaotiske marknader, enkle strandbarar og vennlege menneske.

New Market nær Mamba Point.

Å, som eg hadde lengta etter å koma tilbake til ein vestafrikansk by; til det herlege kaoset, skitne gater og vatn servert i plastposar. Til dei enklaste skur-restaurantane, der folk drikk øl frå morgonen av, og der det einaste du kan bestilla er ris med den sausen som dei tilfeldigvis lagar den dagen.

Liberia var det siste landet eg hadde igjen å besøka i Vest-Afrika, og her fann eg alt dette, men med ein liten amerikansk vri. Det kjem truleg av at landet blei grunnlagt av folk som hadde blitt frie frå slaveriet i USA.

Eit monument ved sida av Ducor Hotel.

Av ein eller annan grunn hadde eg førestilt meg amerikanske diners og kanskje litt Miami-inspirert art deco-arkitektur, men etter å ha vandra rundt i byen i timevis kvar dag, såg eg ingenting av dette.

I staden la eg merke til at liberianarane snakkar ei litt anna form for engelsk enn dei gjorde i dei tidlegare britiske koloniane Sierra Leone, Ghana og Nigeria. Dei bruker òg amerikanske dollar, i tillegg til den lokale liberiske dollaren, og rundt omkring kjører store amerikanske bilar med automatgir.

Det meste av tida budde eg gjennom Couchsurfing hjå ein lokal mann som heitte Henry. Han dreiv ein enkel strandbar på Mamba Beach. Etter eitt par netter på golvet hans, valde eg likevel å flytta inn på Chief’s Lodge på Miami Beach, der ei seng kosta fem dollar natta.

Den beste tida var likevel kveldane saman med lokale folk, då me sat og prata over ei flaske lokalt øl, medan lukta av marihuana låg tung i lufta, og lyden av høg afrobeat-musikk og bølgjer som slo mot stranda fylde bakgrunnen.

Dei siste nettene fekk eg bu gjennom Couchsurfing i ei meir komfortabel leilegheit, der eg kunne slappa av og tenkja tilbake på opplevingane mine frå dei siste månadene på reise i Afrika.

For dei som besøker Monrovia, held det eigentleg med eitt par dagar for å sjå marknadene, det enorme Ducor Hotel – bygd av Gaddafi – og nyta utsikta frå høgda der hotellet ligg. Men nokre ekstra dagar kan òg brukast til å slappa av på strendene, og slå av ein prat med dei vennlege, engelsktalande liberianarane.