Dagen der det meste gjekk litt skeis

3. august 2025

🇳🇱🇧🇪🇱🇺

4. august 2025

🇱🇺🇫🇷🇨🇭🇱🇮

5. august 2025

🇱🇮 Liechtenstein (Schaan)
🇦🇹 Austerrike (Feldkirch)
🇭🇷 Kroatia (Zagreb)

6. august 2025

7. august 2025

«Alle gode ting er tre», blir det sagt, noko som betyr at denne tredje ekspedisjonsdagen bør bli den beste på heile turen. Men i dag kom dagen der det meste ikkje gjekk som planlagt. Slik må eg vel gjerne forventa, sidan dette er den lengste reisedagen av alle på denne ekspedisjonen.

Dagen starta med strålande sol og fuglekvitter, og ei upåklageleg flott utsikt frå toppetasjen på motellet; det høgaste bygget til venstre i biletet.
Frå Schaan i Liechtenstein ser ein rett mot denne markante, sveitsiske fjellkjeden med skarpe, taggete toppar som stig bratt opp frå dalbotnen.

Like bortanfor motellet, steig eg inn på toget som skulle ta meg inn i Austerrike.

Heilt fram til i dag, har mitt forhold til Austerrike vore at dette er heimlandet til Adolf Hitler, og at det éin gong i tida var halvparten av keisardømet Austerrike-Ungarn. Men det var før eg besøkte landet sjølv.

Mitt første møte med Austerrike var den pittoreske småbyen Feldkirch, heilt vest i landet, like ved Liechtenstein.

Gamlebyen i Feldkirch har spanande, variert og fascinerande arkitektur.
Over gamlebyen tronar mellom anna landemerket Schattenburg, som blei bygd på 1200-talet.
Nede i gamlebyen beviser austerrikarane at det går an å leva i nåtida, men samtidig ta vare på tradisjonane. Legg merke til skilta som heng utanfor butikkane, …
… samt enkelte av dei gamle gateskilta.

På klostermuren har 7. klassingar, som ein del av ei skuleoppgåve, laga flotte bilettavler over temaet FRIEDE.

I 2013 dekorerte skulelevar klostermurveggen med ordet FRED, på sju forskjellige språk:

FRIEDE – tysk

BARIS – tyrkisk

MIR – kroatisk

SALAM – arabisk

PEACE – engelsk

PACE – italiensk

PAX – latin

Eg vil òg trekka fram kunstinstallasjonen til Stefan Finžgar: leben | lachen | sterben (lev | le | døy).

598 anonyme menneskeliv er avbilda som portrett på betongblokker. Publikum får ikkje vita noko om deira liv, deira latter, deira død. Ingen får vita tankane deira om ungdomstida, deira feil, deira gleder, kjærleik og seksualitet, eller dødskrampene deira.
Like ved kraftverket i Feldkirch sit Der Ruhende (Isidörle), den kvilande smeden, og tek ein pust i bakken. Rudolf Köb laga skulpturen i 1979, i samband med smedlauget sitt 500-årsjubileum.
Mühletor (Mølleporten) er blant dei bevarte byportane frå mellomalderen.
Den grønturkise elva Ill, som er ei av sideelvene til Rhinen, buktar seg gjennom Feldkirch.

Avgangen frå Feldkirch i Austerrike gjekk frå perrongen med militær presisjon. Denne 4 1/2 timar lange turen hadde eg sett fram til. Lenge.

Eg hadde reservert sete ved vindauget i panoramavogna, med kjøreretninga, med god utsikt mot høge fjelltoppar gjennom Austerrike. Men då eg kom til setet mitt, var det opptatt.

Mannen spurde så fint om han kunne få min plass, så han kunne sitja med si høgt elska hustru. Unge, lovande Hetland bøygde av for gruppepresset, og gav han setet. Det skulle eg aldri gjort!

Sjølv om dei var så forelska at dei både såg og tok på kvarandre meir enn to gonger, låg den kvinnelege parten stort sett i sovestilling, medan herremannen planta nasen sin trygt ned i mobilskjermen.

Eitt bilete av utsikta (og det søte paret), fekk eg sikra meg. (PS: Dei såg ikkje slik ut. Eg har sladda biletet av omsyn til personvernet.)
Etter Innsbruck gjekk søtingane av, og eg fekk endeleg setet og utsikta mi tilbake.

I Schwarzach im Pongau fekk eg vita at neste tog var ca. 10 minutt forseinka. Det gav meg 10 ekstra minutt til å studera det snart 100 år gamle damplokomotivet som står like utanfor stasjonen.

På midten av 1920-talet var det behov for eit moderne og allsidig tanklokomotiv, og dette 1D1-tanklokomotivet frå Bundesbahnen Österreich sin byggeserie 378 blei svaret på behovet. Denne tungvektaren frå 1927 blei brukt på sidebaner, til korte passasjer- og godstog, og som hjelpelok i bratte bakkar. Som tanklokomotiv var det lett å manøvrera, noko som òg gjorde det ideelt til skiftearbeid på stasjonar.

Heldigvis var det ikkje 1D1-tanklokomotivet som skulle ta inn igjen forseinkinga frå Schwarzach, for det var høgst nødvendig viss eg skulle nå neste tog frå Villach.

ÖBB-toget gauv på mot søraust, sjølv om kaféen var av det provisoriske slaget; to kjøletraller plassert i to forskjellige kupéar på 2. klasse.

På stasjonen i Villach var det med naud og neppe eg kom meg inn på Slovenske statsbanar sitt ekspresstog mot Ljubljana, før dørene blei lukka igjen bak meg. Eg hadde reservert sete, men fann ikkje riktig vogn. "Set deg kor du vil. Dette er eit anna tog enn det som står på billetten din", sa konduktøren, så eg og ho delte kupé på 1. klasse. Ho sa ikkje meir til meg resten av turen.

Då me kom inn i Slovenia, blei ho avløyst av ein mannleg kollega, som raskt kunne opplysa om at det var «buss for tog» (dei seier ikkje det i Slovenia) mellom Kranj og Ljubljana.

Sidan dette var 5.–6. gong i dag, at ting ikkje gjekk som planlagt, bestemte eg meg for å gå heilt bananas. Eg droppa overnatting i Ljubljana, for å ta toget inn til Zagreb, og dermed kryssa av Kroatia som land nummer åtte på reisa. Overnattinga der var dessutan 200 kroner billigare enn i Ljubljana, og sidan eg må reisa lenger i morgon, må eg vakna endå tidlegare, og får endå meir ut av dagen.

«Buss for tog» sleppte oss av på perrongen i Ljubljana. Nærare toga med buss, kjem me ikkje.

Med billetten klar, klatra eg inn i det antikke toget som skulle ta oss til Zagreb. Då eg om sider fann riktig vogn, og så riktig kupé, oppdaga eg til mi store forskrekking at ei moden kvinne hadde teke plassen min, og plassert dei sokkelause beina sine oppå det motståande setet.

Med dagens tidlegare eskapadar friskt i minnet, gav eg ho målretta beskjed om at ho hadde tatt mitt sete. Ho skjønte ikkje kva eg sa, men bodskapen nådde fram, så ho tok beina demonstrativt ned frå setet, beheldt sokkane av, lirka seg ned i det ledige setet, og tok på seg eit munnbind.

«Hersens turistar», tenkte me vel begge to.

Eg og den sokkelause kvinna hadde ikkje mykje til overs for kvarandre, der me sat alt for tett, alt for lenge i tausheit, med alt for lite tilgang til oksygen.

Nå jobbar eg intenst for at lungene skal filtrera ut det som finst av tilgjengeleg oksygen i dette forhistoriske toget, utan aircondition. Me er seks personar som deler på lufta inni kupéen, så eg håpar at den modne kvinna ikkje brukte munnbind på grunn av ein luftvegsinfeksjon. Nå har ho nemleg tatt av seg munnbindet, for å fortæra saltstenger – som ho et éin og éin, og plukkar dei ut av posen med eit papirlommetørkle. Slikt blir berre for rart, spør du meg.

Viss eg ikkje blir smitta av noko dødeleg, eller går tom for oksygen, ser fram til å vakna på eit firestjerners hotell i Zagreb klokka 06:00 i morgon tidleg. Not! Eg drøyer det nok til 06:18.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *