Eg har bestemt meg for å testa punktlegheita på det europeiske jernbanenettet. I løpet av fem dagar skal eg reisa miljøvennleg gjennom ti land, besøka femten byar og leggja bak meg over to tusen kilometer på skinner.
Det er framleis ei vekes tid igjen av sommarferien, når eg i morgon legg ut på Europa-ekspedisjonen min. Petros skal uansett på leir i Grimstad, så eg må finna på noko for å få tida til å gå.
Medan toget til Petros sannsynlegvis blir innstilt på grunn av lause sideruter, skal eg testa punktlegheita på jernbanenettet i Europa.
Då eg var noko yngre, hadde eg lyst til å ta ein lengre togtur i ein eller annan del av verda. Mellom anna vurderte eg å reisa med den transsibirske jernbanen, verdas lengste jernbanelinje, som går frå Moskva i vest til Vladivostok i aust, og strekk seg over 9.289 kilometer. Sannsynlegvis kunne dette blitt ein svært spanande tur, med mykje å sjå i eit svært, variert og mangfaldig land, men så langt har det ikkje blitt noko av. Russland sin krig mot Ukraina gjer det heller ikkje spesielt interessant å reisa gjennom Russland på nåverande tidspunkt, og dermed leggja frå seg pengar i eit land som bidreg til uro og elende i vår eigen verdsdel.
Den endelege planen for ekspedisjonen Europa på skinner blei lagt i løpet av nokre dagar heime på Hjelmeland.
På veggen heime i stova hadde eg nettopp hengt opp eit svært verdskart, laga i tre, av den ukrainske bedrifta Enjoy the Wood.

Under sjølve monteringa av kartet fekk eg litt hjelp av min canadiske firmenning – Jack Hetland – som var på besøk i Noreg i to veker i starten av juli.

Då verdskartet var ferdig montert, stod Jack og studerte det, og festa blikket på Europa:
– Du veit, når eg kjører 10–12 timar nordover, sørover, vestover eller austover, så er eg framleis i Canada. Men Europa har jo ein haug med land som både er små, og som ligg veldig tett på kvarandre, reflekterte han.
– Ja, tenkte eg, det må jo vera mogleg å reisa rundt i Europa, og oppleva veldig mykje på relativt kort tid. Dessutan hadde eg etter kvart fått eit akutt behov for nye impulsar, som er heilt nødvendig når eg driv med både skriving og grafisk design i Hetland Media. Det som ein ser på reisa, kan brukast som inspirasjon til framtidige designoppdrag, og det ein opplever, kan gjerne pirra skrivelysten igjen.
Ein av dagane då Jack var ute på noko anna – eg trur det var tur til ein fjelltopp i Jøsenfjorden – leika eg reisebyrå i lokala til Hetland Media. Interrail hadde eg allereie høyrt om, så eg brukte appen deira, Google Maps og Booking.com til å planlegga reisa og bestilla hotell-overnattingar.
Planen min er slik: Eg reiser med fly til Amsterdam i morgon, 3. august, og i løpet av 5 døgn skal eg reisa miljøvennleg gjennom 10 forskjellige land, besøka 15 byar, og tilbakelegga 2.146 kilometer på skinner.
Kvifor 5 døgn? Fordi det er omtrent så lang tid det tek å reisa med tog frå Amsterdam i vest, rundt Tyskland, til Praha i aust. Og så er det like mange døgn som Petros er bortreist på leir.
Eg kjem til å leggja ut «reisebrev» undervegs på turen, så følg med!

