Streifelyst-pakken
Opprinnelig pris var: kr 777,00.kr 299,00Nåværende pris er: kr 299,00.
Beskrivelse
Streifelyst-pakken består av to bøker, frå éi verd full av opplevingar.
I denne pakken har me samla dei to reisebøkene til Jørn Bjørn Augestad i eit pakketilbod med ein ekstra god pris:
- «Reis: Verden er ikke så farlig som du tror»
- «Prosjekt Grenseløs: En reise til land som ikke er land»
Her får du to altså to praktbøker som tar deg med langt utanfor dei vanlege turistløypene, og som utfordrar mange av førestillingane me har om verda.
I den første boka – «Reis» – følgjer me Jørn Bjørn frå den første backpackingturen i 2009, til han blir den yngste nordmannen nokon gong til å besøka alle landa i verda. Gjennom personlege historier, møte med menneske og opplevingar frå nokre av verdas mest omtalte konfliktområde, viser han andre sider av verda som sjeldan får plass i nyheitsbiletet.
I oppfølgjaren – «Prosjekt Grenseløs» – held eventyret fram. Denne gongen går ferda til område som fungerer som eigne land, men som manglar internasjonal anerkjenning. Resultatet er ei unik reiseskildring frå nokre av dei mest fascinerande og minst besøkte stadene i verda, samtidig som boka gjev innsikt i korleis politiske konfliktar påverkar kvardagen til menneska som bur der.
Streifelyst-pakken passar både for deg som elskar å reisa, drøymer om nye eventyr, eller berre ønskjer å få nye perspektiv på verda.
To innhaldsrike praktbøker, tusenvis av kilometer med reiser, hundrevis av historier og eitt bodskap: Verda er meir mangfaldig, meir gjestfri og langt meir spanande enn mange trur.



Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.