Arkitektur, statuar og eit skyhøgt minibankgebyr

3. august 2025

🇳🇱🇧🇪🇱🇺

4. august 2025

🇱🇺🇫🇷🇨🇭🇱🇮

5. august 2025

🇱🇮🇦🇹🇭🇷

6. august 2025

🇭🇷🇸🇮🇦🇹🇸🇰

7. august 2025

🇸🇰 Slovakia (Bratislava)
🇨🇿 Tsjekkia (Praha)

Som eg nemnde i går, førte spontaniteten meg til ein junior-suite i Bratislava. Eg hadde fri minibar, men den var alkoholfri, så det var ingen fare for bakrus og dårleg start på dagen.

Frukost-bufféten på Clarion i Bratislava, er den største og mest varierte eg blei utsett for i løpet av heile Europa-turen. Eg hadde fri minibar, men den var òg heilt fri for alkohol, så eg hadde ingen behov for Bystrinka for å få ein god start på dagen.

Med to doble espresso innabords, var eg klar for å starta den siste dagen på ekspedisjonen min.

Dette skulle bli den store arkitektur-, statue- og skulptur-dagen, her i Bratislava. Hovudstaden i Slovakia ønskte meg varmt velkommen, og eg tok på meg rolla som turist og fotojournalist like rundt klokka 8 om morgonen.

Første stopp, heilt nede ved elva Donau, var å få tatt eit bilete av UFOen, observasjonsdekket og restauranten som dei har bygd over brua som går mellom gamlebyen og bydelen Petržalka. Eg skulle gjerne ha vore oppi UFOen, og sett byen frå eit høgare utkikkspunkt, men dei opnar diverre ikkje dørene før eg har reist vidare.
Like ved Donau ligg det slovakiske nasjonalteateret. Aldri før i historia, nokon gong, trur eg, har ein teatersjef frå Hjelmeland møtt det slovakiske nasjonalteateret.

Inni gamlebyen var det mykje spanande å sjå. Mellom anna vil eg trekka fram butikken som – i mi interne kåring – vann prisen «Mest tiltalande fasade»:

Diverre hadde den prisvinnande suvenir-butikken framleis ikkje opna, så eg måtte gå vidare med uforretta sak.

Dersom eg ikkje hadde følgt med, hadde eg snubla i den mest kreative statuen eg nokon gong har sett. Ja, han dukka faktisk opp, den blide kloakkarbeidaren, som har fått namnet Čumil (= eg er sliten).

Sannsynlegvis er dette den mest fotograferte statuen i byen, og med rette: Den er ei viktig påminning om alle dei som gjer det som me andre ser på som, bokstavleg tala, "dritjobbar", for at moderne samfunn skal fungera.

Ein annan av dei mest fotograferte statuane i Bratislava, står like ved rådhusplassen.

Schöne Náci, laga av Juraj Meliš, førestiller Ignác Lamár (1897–1967), ein lokal skikkelse som blei kjent som ein fjong, vennleg og høfleg type. Han gjekk alltid rundt i snippkjole og flosshatt, og helsa og smilte til forbipasserande. Men bak den joviale utsida, ligg det ei tragisk historie: Kvinna som han trulova seg med blei deportert til ein nazistisk konsentrasjonsleir under den andre verdskrigen, der ho døydde. Lamár kom seg aldri over tapet, og resten av livet levde han som ein sårbar, men elskverdig byoriginal, som mange eldre i Bratislava framleis hugsar med varme.

Hugsar du at eg fortalde om dei pissande ungane i Brussel?

På rådhusplassen i Bratislava står éi av to fontener med pissande gutar:

Midt på torget i Bratislava, framføre det gamle rådhuset, står Roland-fontena (òg kalla Maximillian-fontena), som er den eldste fontena Bratislava. På toppen av den 10,5 meter høge søyla står ein riddar, og mange meiner at dette er Roland – den mytiske forsvararen av byen. Men kvifor det står fire pissande gutar under riddaren, greier ikkje eg å forstå. I over 200 år var faktisk gutane fjerna eller tildekte, sidan innbyggjarane meinte at det ikkje sømde seg med pissande, nakne gutebarn midt på torget.
Michalská brána (Mikaelsporten) er den nordlege av dei fire byportane frå 1300-talet, og den einaste som framleis er bevart. Tårnet ruvar 51 meter over bakken, og på toppen står ein statue av erkeengelen Mikael. Sjølve tårnet var stengt då eg tok morgonturen min, men det offentlege toalettet, 30 meter inn i gata til høgre, var ope.
Framføre presidentpalasset fann eg Fontána Planéta mieru (på norsk betyr det noko slik som Fredsplanet-fontena).
Fontena har inngravert fredsduer rundt heile "planeten", som sannsynlegvis skal førestilla jorda vår.

Det er riktig så flott at nokon syt for at dei som har fått makta, får tydeleg beskjed om at dei skal bruka makta si til det beste for innbyggjarane sine. I mitt hovud, er fred det beste utgangspunktet for å sikra at folk har det bra.

Vel talt, Bratislava!

Midt på Fridomsplassen står òg ei stor fontene. I sentrum av fontena står ein metallskulptur forma som ein lindeblomst; symbolet på vennskapet mellom dei slaviske folka. I bakgrunnen kan du sjå det slovakiske regjeringskontoret, som ligg i det som tidlegare var ein nyklassisistisk herskapsvilla.
Mellom trea bortanfor Fridomsplassen kunne eg så vidt skimta Bratislava slott, som ligg på ei høgde over Donau. Slottet har ei lang historie som går heilt tilbake til mellomalderen, og har vore både kongeleg residens, festning og militærbase.
Ein mann utan bein og med alt for store nevar fortener òg å bli foreviga i bronse.

Tilbake på hotellet pakka eg sekken, og gjorde meg klar for siste reisemål på Europa-ekspedisjonen min: Praha i Tsjekkia.

Vel framme på jernbanestasjonen i Praha kunne eg betala for bagasje-oppbevaringa med kredittkort, i motsetning til i Ljubljana, men i denne byen var det minibanken rett ved sida av bagasje-oppbevaringa som skulle lura meg trill rundt: Vekslingskursen, eller ærlegheita til tsjekkiske minibank-selskap, burde eg ha sjekka på førehand.

Eg tok ut 200 tsjekkiske koruna, som burde ha kosta i underkant av 100 norske kroner, men grunna noko som truleg var eit skyhøgt vekslingsgebyr, punga eg ut heile 183 kroner.

Svindel og bedrag av verste slag!

Første sjåverdigheit (trur det er nynorsk for severdighet) var det over 200 år gamle Nasjonalmuseet, som tronar over Václavplassen.

Det ærverdige Nasjonalmuseet i bakgrunnen, og Václavplassen under ekstrem oppussing i framgrunnen. Google Maps og Chat GPT hadde gløymt å nemna at Václavplassen, akkurat i dag, likna meir på ein byggjeplass enn på eit triveleg og livlig bytorg.

I den tsjekkiske hovudstaden besøkte eg Museum of Fantastic Illusions, men sidan min trufaste partnar framleis berre er ein illusjon, var det ingen som kunne fotografera all fantaskapen eg fant på.

Heldigvis finst generativ kunstig intelligens, som bruker maskinlæring til å setja saman heilt nye motiv, og på den måten kan eg laga eit bilete av det som skjedde i Museum of Fantastic Illusions, utan at eg må ha med meg fotograf. (Biletet er KI-generert.)

Neste oppdrag var å finna seg eit betre måltid, gjerne på ein gaterestaurant, og gjerne éin av Praha sine spesialitetar.

Tilbodet frå Fat Cat freista, men sidan eg ikkje har noko kone som kunne plassera meg der for «Husband Daycare», blei det berre med tanken.

Andre forsøk viste meg ein gatebukk med menyen til ein kafé som kunne freista med kalvesteik, men den kaféen hadde gøymt seg så godt at den var umogleg å finna.

Alle gode ting er tre: Det blei frityrsteikt kylling, type amerikansk, i ulike variantar. 

Forfattaren prøver å bestilla tsjekkisk-amerikansk frityrsteikt kylling, utan å kunna eitt einaste ord tsjekkisk.

Tilbake på jernbanestasjonen gjekk det opp for meg at dette eigentleg var slutten på ekspedisjonen.

Heimreisa, i fly via Amsterdam til Stavanger, og med bil gjennom Ryfast, heilt til Hjelmeland på riksveg 13, Vågavegen og til Breidablikk, reknar eg ikkje som ein ekspedisjon. Dette reknar eg knapt nok som ein tur.

Med den konklusjonen, lét eg meg avbilda framføre den ærverdige stasjonsbygningen i Praha, før eg sette meg inn på flybussen.

Unge, lovande Hetland er glad og fornøgd, etter å ha reist rundt i Europa, frå Amsterdam i vest til Praha i aust, med tog.
Turen på flybussen kosta berre 100 tsjekkiske koruna, eller 48 norske kroner. Eller rettare sagt 93 norske kroner, viss ein reknar med det skyhøge vekslingsgebyret på 95 prosent. Uansett er dette langt billigare enn Flybussen mellom Stavanger og Sola. Nokon bør bli inspirerte.

Mitt siste bilete frå Praha er fotografert rett etter take-off frå flyplassen.

Praha frå lufta: Gamlebyen ligg til høgre for elva Vltava. Den kjende Karlsbrua – som bind saman gamlebyen og nybyen – kan du sjå rett bak den skogkledde haugen nede til venstre i biletet. Den gamle stasjonsbygningen ligg heilt i høgre bildekant, ca. midt mellom toppen og botnen av biletet.

Då var ekspedisjonen over.

Eg har reist 2.379 kilometer med tog i løpet av 1 dag, 11 timar og 11 minutt på 21 forskjellige togturar (og litt «buss for tog», sjølv om dei framleis ikkje seier «buss for tog» her).

Vel heime på Hjelmeland kunne eg plassera 11 nye flagg-nåler på verdskartet mitt.

Medrekna både korte og lengre besøk, har eg stoppa innom 16 byar i 11 land i løpet av 5 reisedagar.

Og eg har blitt 21.326 kroner fattigare.

Men eg har fått langt fleire inntrykk på denne korte tida enn eg greier å oppsummera i eit reisebrev.

Opplevingane har stått på rekke og rad. Det har blitt mange små kuriositetar, og ting har ikkje alltid gått etter planen.

Eg har sett alt frå statuar, fontenar og byggjeplassar, til storslegne katedralar, museum og frukostbufféar.

På tallerkenen har eg hatt croissant, sandwich og kjeks, frityrsteikt kylling og verdas mest velsmakande pastarett.

Google Maps og Chat GPT har redda meg, og eg har blitt lurt av Google Maps og Chat GPT – og ein bedragarsk minibank.

Og ikkje minst: Eg har fått sjå Europa på nært hald, både frå togvindauget og frå gatene, frå tronge buss-sete og frå toppen av flotte hotell.

Denne reisa sluttar her i Praha, men eg tek med meg opplevingane og forteljingane vidare.

Og sjølv om dette var slutten på Europa-ekspedisjonen, kjennest det meir som starten på neste kapittel:

Jorda rundt på 80 år!

 

One Response

  1. […] denne butikken hadde eg eit håp om å finna ei Åland-nål til verdskartet heime i stova, men den trivelege dama som driv butikken, hadde diverre ikkje nøyaktig den typen flagg-nåler som […]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *