Eit lite land med ei lang historie

4. oktober 2026

🇮🇹

5. oktober 2026

🇮🇹 Italia (Rimini)
🇸🇲 San Marino

6. oktober 2026

7. oktober 2026

8. oktober 2026

9. oktober 2026

10. oktober 2026

11. oktober 2026

Dag 2 på ekspedisjonen frå Adriaterhavet til Lisboakysten starta med utsikt.

Frå balkongen på hotellrommet i Rimini kunne eg nå sjå både sandstranda og Adriaterhavet tydeleg. Bounty-baren frå kvelden før låg framleis på same plass, men i dagslys var det havet som smelta saman med himmelen som stal merksemda.

Så venta frukosten. Sist eg var i Italia og hadde bestilt frukostbuffé, blei eg møtt av enkel, tørr brødmat med porsjonspakka smør og syltetøy. Forventningane var derfor moderate.

På Club House Hotel i Rimini hadde dei derimot ikkje spart på noko. Her var det mykje å velja mellom og mange gode smakar.

Tenk å kunna forsyna seg med spekeskinke og piadina til frukost! Ein annan favoritt var ACE-juicen, som er ei blanding av appelsin, gulrot og sitron; friskt og godt, og eit fint følgje til spekeskinka og resten av frukosten.
Før bussen til San Marino skulle gå, rakk me ein tur ut på den breie sandstranda i Rimini. Me kom oss nesten heilt bort til Adriaterhavet, før me spankulerte langs stranda mot busshaldeplassen like ved jernbanestasjonen.

Me var ikkje åleine om å ha lyst til å ta oss ein tur til San Marino. Bussen var allereie stappfull då me kom fram, og på utsida stod ein heil skuleklasse som skulle på utflukt den same vegen. Akkurat då var me godt fornøgde med at billettane var bestilte på førehand.

Etter om lag ein halvtimes kjøretur i den tronge og klamme bussen, kunne me tydeleg sjå dei tre tårna på Monte Titano. Dei gamle forsvarsverka Montale, Cesta og Guaita er sjølve kjennemerket til San Marino, og du finn dei mellom anna i det sanmarinske flagget.
Medan dei andre turistane blei sitjande i bussen den siste biten opp til gamlebyen, gjekk Nancy og eg av i Borgo Maggiore. Dette er ein eigen kommune – éin av dei ni som San Marino er delt inn i. Me hadde nemleg ein litt annan plan for den siste etappen.
Like bortanfor der bussjåføren sleppte oss av, stod ein snål skulptur i ei rundkøyring. Verket heiter Different/Equal (Dialogue) og er laga av den sanmarinske kunstnaren Leonardo Blanco i samband med at San Marino hadde formannskapet i Europarådet i 2006–2007. Bodskapen er at dialog mellom kulturar og folk er ein føresetnad for fred. Det er jo noko å tenkja på for alle sjåførane som kjører rundt og rundt.

Før me kunne ta turen opp til gamlebyen, hadde eg eit viktig ærend: Med ein 20-eurosetel i lommeboka, nyleg tatt ut frå minibanken til Banca di San Marino, labba me mot postkontoret. Eg ville sikra meg nokre frimerke til frimerkesamlinga. Ja, bokstavleg tala. Dette var ikkje eit sjekketriks.

I smauet mellom banken og postkontoret oppdaga me ein nipsbutikk med eit overraskande norsk innslag: juleplatta «På vei til Betlehem» frå Porsgrunds Porselænsfabrik, årgang 1970. Korleis den hadde funne vegen frå Noreg til ein butikk i San Marino, skulle eg gjerne visst. Eg fekk ikkje svar, men artig var det uansett.
Så var det tid for å koma seg opp i høgda. I staden for å ta bussen den siste bakken, hadde me planlagt å ta kabelbanen, eller funivia, frå Borgo Maggiore til den historiske bykjernen.
Nancy sikra seg bilete frå vogna medan utsikta opna seg under oss.
På toppen vaia det sanmarinske flagget ved utkikkspunktet like ved kabelbanen.
Den musikalske velkomsten var derimot ikkje spesielt sanmarinsk. Ein gatemusikant hadde valt Eric Clapton sin «Wonderful Tonight» som lydspor til møtet vårt med den litle republikken.
Me rusla vidare gjennom flotte gater og smau. Her var gamle murar, trapper og små butikkar tett i tett.
Men for ein reisebrevforfattar som aldri har budd utanfor Noreg, var enkelte butikkvindauge meir overraskande enn andre. Katanaer, knivar og luftgevær stod utstilte midt i handlegata. Eg hadde kome for å kjøpa frimerke, og kjende ikkje noko behov for å utvida handlelista med våpen. I alle fall ikkje så lenge eg berre reiser med handbagasje.
Framfor Palazzo Pubblico måtte me sjølvsagt ta eit bilete saman. Bygget ser ut som det har stått der sidan mellomalderen, men dagens palass blei reist mellom 1884 og 1894, etter teikningar av arkitekten Francesco Azzurri.

Palazzo Pubblico er tilhaldsstad for sentrale statsorgan. Parlamentet består av 60 folkevalde, som blir valde kvart femte år. Landet blir leia av to kapteinsregentar, som blir valde av parlamentet for seks månader om gongen. Ordninga med to statssjefar som deler makta, og blir valde for korte periodar, har røter tilbake til den romerske republikken. Parlamentet i San Marino kan samanliknast med det romerske senatet, medan dei to kapteinsregentane tilsvarer konsulane i det gamle Roma.

San Marino blir rekna som den eldste republikken som framleis eksisterer, både i Europa og i resten av verda. Tradisjonen fører grunnlegginga tilbake til år 301 og den heilage Marinus. San Marino knyter altså identiteten sin til ei lang historie og tradisjon med sjølvstende, noko som truleg var ei sterkt medverkande årsak til at San Marino valde å stå utanfor då resten av dagens Italia blei samla i perioden 1859–1870.

I dei tronge gatene fekk me òg sjå korleis kvardagslivet må tilpassast omgjevnadene. Ei eldre dame hadde valt ein liten Fiat, men sjølv den såg ut til å ha vore i nærkontakt med murane. Skrapene langs støytfangarane og sidene tydde på at «liten bil» og «brei nok gate» ikkje alltid samsvarer.

Og så dukka norske tradisjonar opp igjen.

Ein butikk som selde smykke, armband og klokker kunne òg tilby norske troll. Kvifor akkurat desse hadde hamna her, fekk me heller ikkje svar på. Kanskje er eit troll ganske enkelt ein suvenir som kan seljast uansett kva land turisten trur at han eller ho er i.

Etter fleire motbakkar kom me endeleg opp til festningsområdet.

Nancy stoppa for å nyta utsikta over dei nyare delane av San Marino, medan dei gamle murane rundt oss minna om at denne fjelltoppen lenge hadde hatt andre oppgåver enn å vera fotomotiv for turistar.

Det offisielle museumspasset i San Marino kosta 11 euro, eller 8 euro for dei som hadde rett på redusert pris. Passet ville gje tilgang til dei to tårna som kan besøkast, fleire museum og Palazzo Pubblico når det er ope. Men her kom ei hyggeleg overrasking: Me fekk gratis inngang, fordi me begge er lærarar. Jubel og glede!

Det burde likevel ha følgt ei åtvaring med inngangsbilletten: På veg opp i sjølve tårnet kan ein risikera å bli overfallen av flygande pissemaur. Dei kraup på bakken og kom dalande ovanfrå. Festninga var tydelegvis framleis bemanna, berre av ein litt anna vaktstyrke enn tidlegare.

Torre Guaita er det eldste av dei tre tårna på toppen av Monte Titano, med røter tilbake til 1000-talet. Tårnet har fungert som både forsvarsverk og fengsel.
Frå muren rundt Torre Guaita hadde me flott utsikt mot Torre Cesta. Tårnet står på det høgaste punktet på Monte Titano, 755 meter over havet. Bygginga av dette forsvarsverket starta på 1200-talet.
Nancy undersøker brønnen i borggarden.
Dei som ein gong i tida vakta murane i San Marino, var frie borgarar som kombinerte vakttenesta med arbeid på åkrar og i skogen. Dei sov enkelt, samla regnvatn i brønnar og heldt elden klar for å varsla om eventuelle angrep, for å beskytta heimane og fridommen sin. Når nattevakta var over, la dei frå seg våpena og vende tilbake til reiskapar og husdyr.

Dagens San Marino minnar meir om ei turistfelle enn eit forsvarsverk.

Ved San Marino Gift, som annonserte seg som den høgastliggjande butikken i landet – på 725 meter over havet – var det omtrent umogleg å få eit bilde utan andre turistar i motivet. Eg var sjølvsagt ein del av problemet, der eg sjølv stod med kamera-appen open på min eigen mobiltelefon.
Ved piadineriaen La Capanna, som har halde det gåande sidan 1927, var utsikta nydeleg. Piadinaen – flatbrød med spekeskinke, parmesan og ruccola – var upåklageleg.
Like ved bordet vårt låg ei murfirfisle og sola seg. På biletet fekk ho selskap av skuggen av hovudet mitt.

På veg ned frå fjellet tok me ein rask stopp for å nyta ein ekte gelato. Diverre finst det ikkje noko bilete frå denne gastronomiske opplevinga, men reisebrevforfattaren kan stadfesta at ekte gelato – med naturlege ingrediensar – er ei smaksoppleving utan sidestykke, i alle fall på varme haustdagar i ein eldgammal og knøttliten republikk.

Tilbake ved Palazzo Pubblico stod ein stilig Audi med sjåfør og registreringsnummer SM001. Bilen var òg merkt CD, bokstavane som blir brukte av diplomatar. Det såg med andre ord ut til at nokon med viktigare ærend enn frimerkekjøp snart skulle ut på tur. Mistanken blei styrkt då sjåføren gjekk ut og festa det sanmarinske flagget ved høgre frontlykt.

Me venta i nokre få minutt, og så kom Gerardo Giovagnoli og sette seg inn. Dermed hadde me fått eit lite glimt av éin av statssjefane i San Marino. Giovagnoli tok over som kapteinsregent saman med William Casali for berre nokre få dagar sidan; 1. oktober. Allereie 1. april neste år blir Giovagnoli og Casali erstatta som kapteinsregentar, så her får ingen særleg lang tid til å bli for godt van med privatsjåfør og nasjonalflagget på bilen.

Vidare gjennom byvandringa fekk me stadfesta ein mistanke: Det finst truleg ikkje eitt einaste tema som ikkje har fått sitt eige museum.

San Marino kunne by på både vampyrmuseum og torturmuseum, like i nærleiken av kvarandre. Dersom nokon synest at museum for frimerke, arkeologi og naturhistorie blir for fredelege og kjedelege, finst det altså nokre meir skremmande alternativ i San Marino.

Eit heilt anna uttrykk fann me ved Sant’Anna-kapellet ved det gamle Misericordia-sjukehuset. På taket stod ein halvmåne, ein kross og ei davidsstjerne side om side.

Kapellet blei teikna av Gino Zani i 1935 og innvigt i 1941. Krossen var der frå før, medan halvmånen og davidsstjerna kom til i 2019, i samband med 70-årsjubileet til Europarådet. Alle tre symbola er laga av lokal stein, har tilsvarande dimensjonar og vekt, og bodskapen skal vera å fremja dialog og respekt mellom religionar og kulturar.

Ved éin av byportane var bodskapen meir praktisk: Sjå deg for!

Porten leidde rett ut på hovudvegen, som svinga seg rundt muren. Her var det dårleg sikt, men det var måla gangfelt og i tillegg stod ein vakt og dirigerte trafikken slik at fotgjengarane kom seg trygt over. Gamle forsvarsverk og moderne trafikk går ikkje alltid heilt saumlaust saman.

Så gjekk turen tilbake til Rimini, der me rakk eit møte med endå eldre historie.

Augustusbogen blei reist i år 27 før vår tidsrekning, til ære for keisar Augustus. Bogen markerte enden på Via Flaminia – vegen frå Roma til Rimini – og innskrifta på bogen heidrar keisaren for utbetringa av denne og andre viktige vegar i Italia.

Rimini, eller Ariminum som plassen heitte i romartida, blei grunnlagd som romersk koloni i år 268 før vår tidsrekning, og voks fram som eit viktig knutepunkt i Romarriket. I dag hadde me reist med både buss, kabelbane og til fots, og skulle snart vidare med tog, så det kjendest ganske passande å stå ved eit monument over 2.000 år gamle transportårer.

Me stakk innom den lokale daglegvarebutikken på veg til jernbanestasjonen, og bunkra opp med kaldt flaskevatn og Kinderegg. Nei, ein kan aldri bli for vaksen for Kinderegg!

Nancy opna Kinderegget sitt med stor forventning då toget vårt tøffa mot Milano, men blei skuffa då leika berre bestod av tre delar. Ho hadde tydelegvis håpa på ei meir avansert hjernenøtt.

Sola gjekk ned over Fidenza ca. 18:45, men dagen vår var langt frå over. Siste stopp for dagen skulle vera rundt midnatt, i Ventimiglia, heilt nordvest i Italia, ved Middelhavet og nær grensa til Frankrike.

Då me endeleg kom fram til Hotel Posta i eitt-tida på natta, var me klare for sengene. På Booking.com hadde hotellet freista med eit komfortabelt opphald på eit trestjerners hotell. Ved inngangen såg me derimot at ei av stjernene var fjerna frå skiltet. Det var ikkje akkurat dette førsteinntrykket me hadde håpa på.

Etter iherdige forsøk på leiting i denne labyrinten av eit hotell, kom me oss endeleg fram til riktige rom. Koden sleppte meg inn på rommet på første forsøk. Nancy var mindre heldig. Koden hennar fungerte verken på første, andre eller tredje forsøk, så låsen gjekk i lås, og ho måtte ringja vakttelefonen for å få hjelp. Noka orsaking fekk ho ikkje.

Senga gav heller ikkje særleg grunn til jubel. Men badet var heldigvis utstyrt med bidé, utan at eg hadde nokon plan om å få bruk for det.

Etter ein lang dag med fjelltårn, frimerke, firfisle og flygemaurar, ønskte eg meg i grunnen berre ei god natts søvn.

Kanskje frukostbufféen neste morgon ville bli eit lyspunkt? Club House Hotel i Rimini hadde trass alt vist at det var mogleg å få god frukost, òg i Italia.