Skribent: Morten Hetland

Arkitektur, statuar og eit skyhøgt minibankgebyr

Dag 5: Bratislava møtte meg med UFO-tårn, nasjonalteater og ein smilande kloakkarbeidar, medan Praha baud på ekstrem oppussing, illusjonar og ein minibank-svindel av verste sort.

Fire hovudstader på éin dag

Dag 4: Frå morgontrasking i Zagreb via regntunge Ljubljana til eit overraskande hyggeleg møte med Villach, før eg kasta eit blikk på Wien på veg til Bratislava. Ekspedisjonen i Sentral-Europa har ikkje blitt nøyaktig slik som eg planla, men opplevingane kjem som perler på ei snor.

Omvegar gjer livet rikare

Dag 3: Kven andre enn ein litt overivrig togreisande ville lagt inn 2 timar og 19 minutt ekstra i eit mellomalder-tog utan aircondition, berre for å spara 200 kroner på overnatting og kunna seia «Eg har vore i Kroatia»? Omvegen var slett ikkje prega av luksus, men den blei minneverdig.

Dagen der det meste gjekk litt skeis

Dag 3: Dagen starta i ein pittoresk småby i Austerrike, og skulle etter planen bli ein dag med spektakulær utsikt frå panoramavogna på toget. Men i staden for, blei det eit maraton av setetjuveri, forseinka tog og absurde augeblikk.

Frå ravine og croissant til alpar og einevelde

Dag 2: På denne etappen gjekk reisa gjennom små, men svært ulike land; frå ravinebyen Luxembourg, via Frankrike og Sveits, til alpelandet Liechtenstein. Undervegs blei det gratis kollektivtransport, sveitsiske kyrkjetårn, franske spesialitetar og eit fyrsteslott som tronar symboltungt over både parlament og regjeringsbygg.

Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen

Dag 1: Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.

Er det mogleg å besøka 10 land på 5 døgn?

Eg har bestemt meg for å testa punktlegheita på det europeiske jernbanenettet. I løpet av fem dagar skal eg reisa miljøvennleg gjennom ti land, besøka femten byar og leggja bak meg over to tusen kilometer på skinner.