Me vakna i Andorra la Vella med ein lang reisedag framfor oss. Bussen til Barcelona skulle gå frå buss-stasjonen 08:15, så me måtte forlata hotellet omtrent samtidig som frukostbufféen opna. Akkurat då skulle eg gjerne hatt ein seinare avgang, men Lisboa venta, så me tok med oss bagasjen og gjekk mot busstasjonen medan byen vakna rundt oss.
Dei sju figurane i 7 Poetes lyste over plassen framfor det nye parlamentsbygget, medan morgonen vakna i Andorra la Vella. Kunstverket er laga av Jaume Plensa, og dei sju menneskefigurane kan mellom anna tolkast som ein metafor for dei sju kommunane i landet.Nancy og eg var klare til avreise frå den nasjonale busstasjonen i åtte-tida. Framfor oss låg ein lang reisedag, først med buss til Barcelona og deretter med fly til Lisboa.McDonald’s her òg, ja. Mellom fjellsider, kjøpesenter og svingete vegar dukka dei velkjende gule bogane opp. Ein skal visst reisa langt for å sleppa unna.Nede i dalbotnen kjennest det tidvis som om heile Andorra er klemt inn mellom fjellsidene. Landskapet kan minna om Vestlandet, men her hadde dei likevel funne plass til firefelts veg, raudt midtfelt og grøne sykkelfelt langs begge sidene. Dei får mykje ut av dei flate metrane dei har.Etter berre 20 minutt på vegen frå buss-stasjonen, passerte me skiltet som ønskte oss velkomne til Spania. For meg er dette første besøk til det spanske fastlandet. Nancy hadde litt meir erfaring med landet me nå køyrde inn i. På veg sørover gjennom Pyreneane dukka desse mellom anna desse fjellformasjonane opp. Spisse berg stakk opp mellom dei skogkledde åsane, og morgonsola fekk fram fargane i fjellet. Det var mykje å sjå på gjennom bussvindauget.Fleire stader gjekk vegen rett gjennom fjellet, medan me kunne skimta den gamle traseen på utsida. Her var det tydeleg lagt mykje arbeid i å gjera ferda jamnare og mindre svingete. Som passasjer på ein nesten tre timar lang busstur set ein pris på slikt.
Etter fleire timar med fjell, dalar og tunnelar, blei utsikta bytt ut med palmar, fleire køyrefelt og tettare trafikk.
Me var komne inn i Barcelona. Dessverre hadde me ikkje tid til å bli særleg godt kjende med byen denne gongen.
Eg kunne godt tenkt meg å sjå korleis det stod til med byggjearbeida på Sagrada Família. Nancy hadde eit meir konkret mål: Mercadona. Ho og familien har budd i Torrevieja i Alicante-provinsen i seks–sju år, og enkelte matvarer blir visst aldri heilt erstatta av det ein finn i norske butikkar. Nå skulle det handlast iste og kunstig søtning til kaffien.
Ryggsekken til Nancy vitnar om at oppdraget blei tatt på alvor.
For å koma fram til Lisboa tidsnok, hadde me valt å flyga med TAP Air Portugal frå Barcelona. Interrail-billetten var ikkje lenger gyldig, og fly var den mest praktiske løysinga for denne siste etappen. Men først måtte me finna fram til rett terminal.
Toget til flyplassen tok oss til terminal 2. Flyet vårt skulle gå frå terminal 1. Det høyrest enkelt ut, men me greidde likevel å vasa fram og tilbake i 15–20 minutt før me kom tilbake til nesten same stad. Der fann me endeleg shuttlebussen som skulle ta oss vidare. Litt ekstra mosjon fekk me i alle fall.
Det var skilta til terminal 1 på andre sida av terminal 2, slik at me først måtte gå til enden av terminal 2, og så tilbake til same plass som me allereie hadde vore, berre på utsida av terminalbygget. Nancy har budd i Spania i seks–sju år, og kan fortelja at slikt "rot" og manglande og feilaktig informasjon er heilt vanleg i dette landet.
Så var me endeleg på rett terminal og ved rett gate. Flyet var det verre med.
Flyet som me skulle reisa med til Lisboa kom svært forseinka, men personalet var ikkje særleg ivrige etter å oppdatera anslaget for når ombordstiginga kunne starta.Etter mykje rot og forseinkingar kom me endeleg i lufta. Frå sete 4B fekk eg denne utsikta gjennom vindauget: sandstrand og Middelhavet i fleire nyansar av blått og grønt. Barcelona får me heller setja av betre tid til ein annan gong.Det viste seg òg å vera overraskande god plass mellom knea mine og seteryggen framfor på dette Embraer E190-flyet. Denne reisebrevforfattaren set stor pris på å sleppa å sitja med beina trykt inn i hardplasten på seteryggen framfor seg.
Portugal viste seg fram med eit fargerikt landskap før landing i Lisboa.
Ei elv bukta seg mellom busetnad, grøne område, åkrar og sandbankar. Etter fjellandskapet i Andorra og kysten ved Barcelona hadde me nå fått ei heilt anna utsikt.Vel framme på flyplassen i Lisboa, heldt me fram med å reisa kollektivt. Frå flyplassen tok metroen oss inn til sentrum av Lisboa.
Nå var det godt å vera framme i den portugisiske hovudstaden, som hadde vore målet i vest heilt sidan ekspedisjonen starta ved Adriaterhavet fem dagar tidlegare.
Oppe i dagslyset møtte me ein av dei karakteristiske gule trikkane. Denne var merkt 24E til Campolide og stod ved Praça Luís de Camões. Flislagde fasadar, smijernsbalkongar og trikkeskinner mellom husa gav oss eit fint første møte med byen.
Me valde å bruka beina, og fekk hjelp av ein hyggeleg herremann i Espaço Chiado til å passa på bagasjen vår, før me gjekk nedover mot vatnet.
Ved Ribeira das Naus fann me både sol, uteservering og folk som hadde slått seg ned langs vasskanten. Her møter den breie Tejo-elva byen, og berre litt lenger ute kan ein skimta Atlanterhavet i vest. Etter mange timar på buss, tog og fly freista det å berre setja seg og sjå utover.Bølgjene slo inn mot trappene ved elvebreidda når båtane passerte ute på Tejo. Det var varmt og godt, og ganske langt frå den kjølege morgonen mellom fjella i Andorra.Nancy og eg framfor det gamle marinearsenalet ved Ribeira das Naus. Dette området har ei lang historie med skipsbygging og verksemd knytt til den portugisiske marinen. Dei store bygga minner om kor viktig sjøfarten har vore for Portugal.Langs elvebreidda hadde nokon gjort dei grå steinane om til eit fargerikt innslag i bybiletet. Raudt, grønt, gult og blått lyste opp mellom steinane, med bryggja og Tejo som bakgrunn.Ein treng tydelegvis ikkje lerret for å setja farge på tilværet. Her hadde heilt vanlege steinar fått kvar sin omgang med måling.På Praça do Comércio stod kong José I til hest framfor Arco da Rua Augusta. Ryttarstatuen blei reist i 1775, medan triumfbogen stod ferdig hundre år seinare, i 1875. Begge høyrer til historia om byen som blei reist opp igjen etter jordskjelvet i 1755. Denne dagen var sjølve plassen sperra av, men det hindra ikkje folk i å posera framfor dei store LISBOA-bokstavane.Nancy og eg måtte sjølvsagt sikra oss ein sjølvfie frå Arco da Rua Augusta òg. Reisa hadde tatt oss frå Adriaterhavet i aust til Lisboa i vest, med besøk i mikrostatane San Marino, Monaco og Andorra på vegen.Fleire stader i Lisboa såg det ut til at fotgjengarane hadde fått meir plass. I denne gata var mønsteret på fortauet trekt vidare ut på den mørke asfalten, og pullertar markerte den utvida gangvegen.Då me skulle henta bagasjen vår i Espaço Chiado, oppdaga eg noko spesielt: Ein gammal bymur strekte seg opp mellom moderne trapper og rekkverk. Dette er restane av Muralha Fernandina, muren som kong Fernando gav ordre om å byggja i 1373. Muren blei reist for å verna ein by som hadde vakse langt utanfor dei eldre forsvarsverka sine. Her inne hadde altså ein del av mellomalderbyen fått bli ståande, medan resten av Lisboa har blitt bygd rundt den.
Eg hadde ikkje venta å finna eit gammalt forsvarsverk inne i eit forretningssenter, men det blei eit snedig siste stopp på ein dag med stadig skiftande landskap og omgjevnader; frå lysande poetar i Andorra til ein gammal bymur i Lisboa.