Kalenderen viser torsdag 8. oktober, og dagen i dag kjem til å bli den rolegaste dagen på heile ekspedisjonen. Etter fire hektiske og innhaldsrike dagar, skal me berre nyta opphaldet i Andorra la Vella, og berre gjera det som me sjølv har lyst til, utan planar, stress, reiser og tidspress.
Andorra var den siste mikronasjonen i fastlands-Europa som eg ennå ikkje hadde besøkt. Før nå. Med sine 468 kvadratkilometer, er landet bittelitt større enn Oslo kommune, og har om lag 90.000 innbyggjarar. Det einaste offisielle språket i landet – katalansk – er morsmålet til om lag 45 prosent av innbyggjarane. I tillegg til alle andorranarane som bur her, er det svært mange spanjolar, portugisarar og franskmenn som bur og jobbar i Andorra.
Sidan 1278 har Andorra hatt ei heilt spesiell styringsordning, med to samfyrstar. Opphavleg var dette biskopen av Urgell i Spania og greven av Foix i dagens Frankrike. I dag er det den franske presidenten og biskopen av Urgell som deler rolla som statsoverhovud.
Med grunnlova av 1993 blei Andorra eit moderne, parlamentarisk demokrati, der samfyrstane framleis har viktige, men hovudsakleg representative oppgåver.
Casa de la Vall (Dalens hus) blei bygd i 1580 som bustad for Busquets-familien. Den historiske steinbygningen har tre etasjar og forsvarstårn. I 1702 blei huset kjøpt av forløparen til den andorranske nasjonalforsamlinga, og har sidan vore nytta som møtestad for styresmaktene og som rettslokale.Sjølvfie i trappa ved Casa de la Vall.Fram til 2011 heldt parlamentet, Consell General, til i Casa de la Vall, til høgre i bildet, før det flytta inn i ein ny og moderne parlamentsbygning, framme til venstre i bildet.Frå den store uteplassen framføre det gamle og nye parlamentsbygget, var det vid utsikt over dalføret mot sørvest (i bakgrunnen) og nordaust.
Eg stod over det freistande tilbodet, og kjøpte heller med meg det argentinske landslaget si bortedrakt til Petros, som venta lengtande på meg heime i Noreg, samt nokre små suvenirar til dei tre niesene mine, som alltid er spente på kva gåver onkel Morten tar med seg heim frå ekspedisjon.
Før me sette kursen tilbake mot gamlebyen, fann eg endå eitt spor av Noreg i ein europeisk mikronasjon: Denne møbelforretninga kunne freista med IMG-møblar frå Ekornes-konsernet, som held til i Sykkylven utanfor Ålesund.Endeleg tilbake i gamlebyen. Resten av dagen gjekk med til god mat, god drikke og god drøs på Barri Antic Hostel & Pub (med det andorranske flagget til venstre i bildet) og hamburger-sjappa Chester.