Blogginnlegg

Arkitektur, statuar og eit skyhøgt minibankgebyr

Dag 5: Bratislava møtte meg med UFO-tårn, nasjonalteater og ein smilande kloakkarbeidar, medan Praha baud på ekstrem oppussing, illusjonar og ein minibank-svindel av verste sort.

Fire hovudstader på éin dag

Dag 4: Frå morgontrasking i Zagreb via regntunge Ljubljana til eit overraskande hyggeleg møte med Villach, før eg kasta eit blikk på Wien på veg til Bratislava. Ekspedisjonen i Sentral-Europa har ikkje blitt nøyaktig slik som eg planla, men opplevingane kjem som perler på ei snor.

Omvegar gjer livet rikare

Dag 3: Kven andre enn ein litt overivrig togreisande ville lagt inn 2 timar og 19 minutt ekstra i eit mellomalder-tog utan aircondition, berre for å spara 200 kroner på overnatting og kunna seia «Eg har vore i Kroatia»? Omvegen var slett ikkje prega av luksus, men den blei minneverdig.

Dagen der det meste gjekk litt skeis

Dag 3: Dagen starta i ein pittoresk småby i Austerrike, og skulle etter planen bli ein dag med spektakulær utsikt frå panoramavogna på toget. Men i staden for, blei det eit maraton av setetjuveri, forseinka tog og absurde augeblikk.

Frå ravine og croissant til alpar og einevelde

Dag 2: På denne etappen gjekk reisa gjennom små, men svært ulike land; frå ravinebyen Luxembourg, via Frankrike og Sveits, til alpelandet Liechtenstein. Undervegs blei det gratis kollektivtransport, sveitsiske kyrkjetårn, franske spesialitetar og eit fyrsteslott som tronar symboltungt over både parlament og regjeringsbygg.

Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen

Dag 1: Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.

Er det mogleg å besøka 10 land på 5 døgn?

Eg har bestemt meg for å testa punktlegheita på det europeiske jernbanenettet. I løpet av fem dagar skal eg reisa miljøvennleg gjennom ti land, besøka femten byar og leggja bak meg over to tusen kilometer på skinner.

Tilbake i Tasjkent

Tre år etter eit kaotisk grensemøte var eg tilbake i Tasjkent, og denne gongen møtte eg eit langt meir ope Usbekistan.

Surfing i Robertsport

To timar vest for Monrovia ligg Robertsport – ei fredeleg strandbygd med nokre av dei beste surfebølgjene i Vest-Afrika.

Liberia si «Monkey Island»

Monkey Island i Liberia er ei lita samling øyar der sjimpansar frå tidlegare forskingslaboratorium blei sette fri, og der eventyrlystne reisande framleis kan oppleva dei på nært hald.

Ei veke i Monrovia

Etter fleire månader på reisefot i Afrika fann eg det velkjende vestafrikanske bylivet i Monrovia, med både kaotiske marknader, enkle strandbarer og venlege menneske, krydra med eit lite, men tydeleg amerikansk preg.

Éin månad i Khartoum

I Khartoum opplevde eg varme, vennlegheit og kultur, fekk undervisa i engelsk og nyta tradisjonar under ramadan.

Hovudstaden i Niger: Niamey

Niamey er ein roleg hovudstad ved Nigerelva, der moderne kontorbygg og tradisjonelle leirhus står side om side, og der kvardagslivet byr på enkle gleder og uventa opplevingar.

Dei siste sjiraffane i Vest-Afrika

Like utanfor Niamey i Niger lever dei siste ville sjiraffane i Vest-Afrika. Med litt tolmod, forhandlingar og ein motorsykkeltur gjennom savannen, er det mogleg å oppleva dei på nært hald.

Skuffande Bratislava

Ein dagstur frå Wien til Bratislava skulle gje nye inntrykk frå éin av Europa sine hovudstader, men besøket blei ei overraskande kort og litt skuffande oppleving.

På eventyr i Polynesia

Korte glimt frå Tuvalu, Fiji, Samoa og Vanuatu viser deg stemningar, landskap og kvardagsliv, slik eg møtte dei undervegs på reisa.

Den søkkjande nasjonen Tuvalu

På den vesle øystaten Tuvalu går livet sin rolige gang, medan innbyggjarane lever med vissheita om at stigande havnivå éin dag kan leggja heile landet under vatn.

Dagstur til Tuvalu Conservation Area

Etter fleire rolege dagar på Tuvalu tok me ein båttur til Tuvalu Conservation Area; eit nesten urørt paradis med turkist vatn, levande korallrev og strender som knapt har sett turistar.

Tarawa – hovudstaden i Kiribati

På den smale atollen Tarawa i Kiribati fekk eg berre eit kort glimt av livet i eit av verdas minst besøkte land.