Dagen starta, som frykta, med eit elendig utval i frukostbufféen. Eg lærer visst aldri at det kan vera stor forskjell på hotell-standarden, og at prisen ikkje nødvendigvis heng saman med kvaliteten. Opphaldet i Rimini hadde vore omtrent dobbelt så bra som opphaldet i Ventimiglia, men til halv pris.
Spente på kva Monaco hadde å by på, bestemte me oss for å reisa tidlegare enn planlagt. Ventimiglia fekk dermed berre eit ganske kort besøk av oss.
På veg mot jernbanestasjonen rakk me eit bilete framfor skulpturen Il Cavaliere Disarcionato, «Ryttaren som blei kasta av hesten», før me gjekk vidare for å finna riktig tog.
Her kom éin av fordelane med Interrail-billetten godt med: På tog utan obligatorisk plassreservasjon er det enkelt å endra planane. Regiontoget frå Ventimiglia via Monaco til Nice gav oss nettopp denne fridomen. Me trong ikkje bli verande berre fordi me opphavleg hadde tenkt å reisa seinare.
Kort tid etter at me hadde kryssa grensa til Frankrike, gjekk jernbanen like ved Middelhavet. Utanfor vindauget låg den franske rivieraen, òg kalla Côte d’Azur, den asurblå kysten. Med utsikt over vatnet var det ikkje vanskeleg å forstå namnet.
På stasjonen Monaco Monte-Carlo fekk me det første hintet om at me var på veg inn i eit fyrstedømme der det ikkje akkurat manglar pengar.
Frå perrongen tok fleire rulleband oss gjennom ein tunnel med lyssette marmorfliser.Inntrykka heldt fram då me kom ut i friluft. Flotte leilegheitsbygg strekte seg oppover, tett i tett. Når arealet er avgrensa, får ein ta høgda til hjelp.Mellom bygga kunne me skimta yachtane som låg og duppa i Port Hercule. Det var ikkje småjoller det var snakk om.
Me tok oss opp til gamlebyen, Monaco-Ville, der fyrstepalasset ligg på klippa høgt over hamna. Her var det lett å forstå kvifor nokon ein gong i tida hadde tenkt at dette var ein god stad å byggja ei festning.
Fyrstepalasset i Monaco har røter tilbake til festningsverket som genovesarane begynte å byggja i 1215. Gjennom hundreåra har det blitt utvida og omforma frå forsvarsverk til fyrsteleg residens. Grimaldi-familien fekk sitt første fotfeste her i 1297, og palasset er framleis både bustad og arbeidsstad for fyrsten.
Like ved palasset fekk me auge på eit namn som skilde seg ut mellom dei franske skilta: Büchi og Bjørnsen. Etter juleplatta og trolla i San Marino hadde me altså funne eit nytt norsk spor i ein mikrostat.
Antikvitetsbutikken har ei konkret tilknyting til Noreg. Elisabeth «Lisa» Büchi er gift med den norske shippingleiaren Per Bjørnsen frå Horten. Gamle møblar, kunst og porselen på slottsplassen i Monaco er kanskje ikkje det første ein forbind med Horten, men verda heng saman på dei merkelegaste måtar.Inne mellom dei smale gatene fann me Restaurant Le Pinocchio. Etter frukosten i Ventimiglia var det godt å få servert noko som verkeleg innfridde: Ein aldeles nydeleg pinsa med rikeleg med spekeskinke og parmesan. Det lokale brygget smakte òg godt i solsteiken. Med tanke på mat og drikke hadde dagen tatt seg kraftig opp.
Utsikta frå gamlebyen mot Monte-Carlo og Port Hercule. Herfrå såg me både dei tettbygde områda, hamna og båtane. Det var mykje å sjå på, og ganske godt å berre stå litt i ro.Like ved fyrstepalasset fann Nancy ei skulder å støtta seg til. Ho tilhøyrde rett nok ein bronsestatue av Francesco Grimaldi, kjend som «la Malizia», den listige. Ifølgje segna skal han ha kledd seg ut som munk for å få dei genovesiske vaktene til å sleppa seg sjølv og mannskapet sitt innanfor festninga. Slik greidde Grimaldi og mannskapet hans å overmanna genovesarane, og Grimaldi-familien har herska her sidan denne hendinga i 1297. Statuen er laga av den nederlandske kunstnaren Kees Verkade, og var ei gåve frå folket i Monaco til fyrst Rainier III ved 700-årsjubileet for Grimaldi-dynastiet.
Etter eit fascinerande besøk gjekk ferda vidare mot Marseille, med eit stopp i Nice.
Der var noko av det første som fanga merksemda vår, den minste stigebilen eg nokon gong har sett.
Ein knøttliten pickup stod med ei stige som strekte seg fleire etasjar opp i lufta. Me blei ståande og undra oss over korleis dette kunne gå bra. Bilen såg ut som den hadde fått ei langt større oppgåve enn den hadde meldt seg til.Me tok òg eit bilete framfor Basilique Notre-Dame de l’Assomption. Den nygotiske kyrkja ligg midt i byen, ved handlegata Avenue Jean Médecin. Med to firkanta tårn og eit stort rosevindauge er ho lett å leggja merke til. Utforminga er inspirert av katedralen i Angers, og har glasmåleri frå 1800-talet.
Planen var å gå heilt ned til Middelhavet, og kanskje få promenert litt på Promenade des Anglais, men ein rusletur mellom to togavgangar må òg ta omsyn til klokka. Me kom til Fontaine du Soleil på Place Masséna før me snudde.
Midt i fontena står ein stor statue av Apollon, omgjeven av fem bronsefigurar som representerer Jorda, Mars, Venus, Merkur og Saturn. Fontena er eit verk av den franske bilethoggaren Alfred Janniot, og blei innvigd i 1956. Her fekk me altså både solguden og litt av solsystemet med på turen, sjølv om strandpromenaden måtte venta til ein annan gong.På Place Magenta oppdaga me eit skilt som viste at plassen var eit tilfluktsområde ved ein eventuell tsunami. Det var ei viktig påminning om at Middelhavet ikkje berre er noko ein fotograferer frå togvindauget. Eg hadde ikkje brukt særleg mykje av dagen på å tenkja på flodbølgjer, men nå visste me i alle fall kor det var lurt å trekkja seg tilbake, dersom Middelhavet skulle finna på å yppa seg.
Så vende me nasen mot jernbanestasjonen, og tok etter kvart fatt på siste etappe til Marseille.
Vel framme i Marseille blei det eit bilete utanfor stasjonen, før me gjekk for å finna kveldsmat.På Maison Dina fekk me kvar vår kopp med nydeleg arabisk te medan me venta på maten. Etter ein dag med mykje gåing og fleire togturar var det godt å setja seg ned.Så kom grillspyda av storfekjøt, med rikeleg med brød, ris, pommes frites, salat og oliven. Her trong ingen gå svoltne frå bordet.
Dagen hadde starta med ein frukost som me helst ville gløyma, men enda heldigvis med opptil fleire smaksopplevingar som det var verdt å hugsa.
Monaco var besøkt, og dermed var to av dei tre mikrostatane på lista i boks.
I morgon går turen vidare mot Toulouse i Frankrike og Andorra la Vella i Andorra.