Frå Adriaterhavet til Lisboakysten

Gammal trikk, ananasdrikk og julebutikk

Dag 7: Ein heilt planlaus dag i Lisboa gav oss tid til å følgja alle innfalla som me fekk. Me reiste med den historiske trikken, rusla gjennom tronge smau, fann forfriskingar i uthola ananasar og møtte ein by full av turistar og maratonløparar. Sjølv utan startnummer fekk beina våre nok å gjera.

Frå fjella i Andorra til elvebreidda i Lisboa

Dag 6: Med buss gjennom Pyreneane, ein snartur innom Barcelona og fly vidare til Portugal skulle me nå målet i vest. Men først venta spansk daglegvarehandel og litt meir tid på flyplassen enn me hadde ønskt.

Ein roleg dag i Andorra la Vella

Dag 5: Endeleg ein rolegare dag, utan stress og tidspress. Me rusla rundt på sightseeing og shopping, og fekk god mat og drikke i den andorranske hovudstaden.

Veterantog, kanalcruise og minibuss til Pyreneane

Dag 4: Frå veterantog og kanalcruise i Toulouse, gjekk turen vidare med minibuss over Pyreneane til Andorra, der nye opplevingar venta i den little fjellstaten mellom Frankrike og Spania.

Fyrsteleg overflod i Monaco

Dag 3: Frå ein skuffande hotellfrukost i Ventimiglia gjekk turen til palass, yachtar og velstand i Monaco. Med eit stopp i Nice og kveldsmat i Marseille blei det ein innhaldsrik dag langs Middelhavet, og endå ein mikrostat kunne kryssast av på lista.

Eit lite land med ei lang historie

Dag 2: Frå stranda i Rimini gjekk turen opp til tårna i San Marino, før me reiste vidare mot den italiensk-franske grensa. Det blei ein lang dag med utsikt, historie og overraskande norske innslag i verdas eldste republikk.

Tre mikrostatar på éin haustferie

Dag 1: Denne haustferien skal me kryssa Europa frå Adriaterhavet i aust til Lisboakysten i vest. Første etappe baud på eit samansydd eple, pistasj-is og ein togtur i oppimot 300 kilometer i timen.