Heime i Rogaland heiter kollektivselskapet Kolumbus, etter ein mann som leita etter Asia og hamna i Amerika. Portugal kan i det minste visa til Vasco da Gama, som segla frå Lisboa og faktisk nådde India i 1498. Det er eit litt meir tillitvekkjande utgangspunkt når ein helst vil koma fram til den planlagde destinasjonen, og då kan me trygt anbefala å reisa med metroen i Lisboa.
Eg er rett og slett imponert over metroen. Fire linjer med kvar sine fargar gjer det enkelt å orientera seg, og med Google Maps i handa, er det lett å finna rett stasjon og vita kor ein skal byta. Metroen er ein billig og effektiv måte å koma seg rundt i byen på.
Alameda er både namnet på ein metrostasjon og kortforma av Alameda Dom Afonso Henriques.
Alameda er eit stort grøntområde midt i Lisboa. I enden av plenen ligg den monumentale Fonte Luminosa. Dette fonteneanlegget blei bygd for å markera at Lisboa fekk vatn frå Tejo-dalen.
Denne dagen fekk me reisa med den ikoniske trikkelinja 28. Lisboa fekk elektrisk sporveg i 1901, og vognene på linje 28 er av den tradisjonelle typen som har blitt modernisert i seinare tid. Dei små, historiske vognene passar inn mellom bakkane og dei tronge gatene på ein måte som det er vanskeleg å sjå føre seg med ein moderne trikk.
Det var fascinerande å følgja med på korleis føraren styrte trikken framme i vogna. Skinnene bestemmer retninga, men fart og bremsing må tilpassast bakkar, svingar og alt anna som dukkar opp i gata. På denne måten blir sjølve transporten ei oppleving.Det er mykje å stoppa opp ved i Lisboa, òg mellom dei store attraksjonane. Legg merke til fasaden på bygningen til høgre, som er kledd med mønstra keramiske fliser, såkalla azulejos.Eit stykke nedanfor Castelo de São Jorge, borga som tronar over gamlebyen, fekk me denne utsikta over taklandskapet og Tejo: Raude takstein, lyse fasadar og den breie elva i bakgrunnen. Etter bakkane opp hit, var det heilt greitt med ein fotopause.I Stavanger kan ein leiga elektriske syklar og sparkesyklar. Her stod ein grøn elektrisk scooter klar til bruk. Med alle bakkane i Lisboa kan eg forstå at nokon vel motor framfor muskelkraft. Me heldt oss likevel til føtene heile vegen opp til borga.For oss er desse smaua verdt å fotografera. For andre er det heimen. Over gata heng klesvasken til tørk, medan turistane labbar forbi under dei.Denne portalen er Porta de São Jorge, hovudporten inn til borgområdet i gamlebyen. Årstalet 1846 viser til porten slik den blei utforma under dronning Maria II. Historia om festningar på denne høgda er derimot mykje eldre.Like ved billettkontoret til Castelo de São Jorge, som hadde plagsamt lang kø, dukka det opp noko som konkurrerte ut gamle murar: uthola ananasar, pynta med ananasringar, sugerøyr og små paraplyar. Dette såg unekteleg freistande ut.
Dermed blei det kvar sin piña colada på Nancy og meg. Nancy slo fast at dette garantert var den beste ho hadde smakt. Eg hugsar ikkje om eg har drukke piña colada før, men kunne skriva under på at denne var både velsmakande og forfriskande.
Me fekk sjølv velja kor stor dose «happy» me ville ha oppi drinken. Prisen var omtrent tilsvarande ein drink heime i Noreg, men her fekk me det som truleg var tre gonger så mykje. Og drinken blei sjølvsagt servert oppi ein uthola ananas.Inne i Igreja de Santa Cruz do Castelo, kyrkja i borgkvarteret, var det mykje å la blikket kvila på. Kyrkja har ei historie som går tilbake til mellomalderen, men blei gjenreist etter jordskjelvet i 1755.Endå eit smau, endå ein grunn til å stoppa. Her var det dei djupt blå flisene langs fasaden som fanga merksemda. Lisboa har mange slike små gater, der ein eigentleg ikkje treng noko bestemt mål. Det er interessant nok å sjå seg rundt medan ein går.Det var mykje folk i gatene i Lisboa denne dagen, og me mistenkte at ein god del av turistane hadde gått i land frå dette cruiseskipet.
Det var heller ikkje tilfeldig at så mange gjekk rundt med startnummer og medaljar. Lisboa Maraton gjekk denne dagen, med start i Carcavelos og mål på Praça do Comércio.
Det var synd at me var for seine til å melda oss på. Eller heldigvis. Dei som hadde sprunge, såg ut til å ha fått nok mosjon for dagen. Me hadde dessutan lagt bak oss eit ganske omfattande gå-program allereie, med fleire pausar som ikkje nødvendigvis hadde passa inn i eit maraton.
Etter kvart var det tid for mat. Rua Augusta, som strekk seg frå Arco da Rua Augusta ved Praça do Comércio og opp mot Rossio, var full av uteserveringar. Me er litt skeptiske til restaurantar midt i dei travlaste turistgatene. Det kan løna seg å gå nokre meter vekk frå hovudgata; der får ein vanlegvis både billigare og betre mat.
Me fann fram til Pizzico Pizzeria, der me fekk rask hjelp og slapp å venta lenge på verken mat eller drikke. Me delte to pizzaer: éin med parmaskinke, basilikum, fior di latte og tomatar, og éin med spekeskinke og trøffelsaus.
Botnen var litt seigare og mindre sprø enn me hadde forventa av pizza frå ein skikkeleg pizzaomn, men smaken var veldig god. Pizzaen med trøffelsaus blei favoritten.
Undervegs fekk me med oss ei musikalsk framsyning med både song, instrument og flaggdrilling. Gruppa escstunis er ei studentmusikkgruppe, ei såkalla tuna académica, knytt til Escola Superior de Comunicação Social i Lisboa. Her fekk me oppleva ein portugisisk studenttradisjon som fylde bybildet med lyd og bevegelse.
Elevador de Santa Justa er ein ganske stilig måte å løysa høgdeforskjellar på. Den utsmykka jernheisen bind saman den lågare bydelen Baixa og Carmo-området oppe på høgda. Heisen opna i 1902, blei teikna av Raoul Mesnier du Ponsard og var opphavleg driven med damp. Elektrisk drift kom først i 1907.
Diverre var heisen stengd, så me fekk nøya oss med ein kikk frå bakken. Rett framfor heisen stod ei sint dame og ropte høgt. Me oppfatta det som at noko eller nokon måtte endra seg før det var for seint, men språkkunnskapane strekte ikkje til. Kva som måtte endrast, er derfor framleis uavklart.
Nancy blei overbegeistra då me fann ein butikk full av julepynt. Namnet på butikken er Nickolaus, og her såg det ut til at jula fekk stor plass i meir enn berre nokre travle veker i desember. Om butikken faktisk held jul heile året, fekk me ikkje stadfesta, men julehumøret til Nancy trong i alle fall ikkje venta heilt til desember.På Rossio, som offisielt heiter Praça de D. Pedro IV, står kong Pedro IV høgt over plassen på ei søyle. Monumentet blei innvigt i 1870. Framfor ser me ei av dei to store fontenene som pryder torget.I den andre enden av Rossio ligg Teatro Nacional D. Maria II, nasjonalteateret som opna i 1846 og fekk namn etter dronning Maria II. Bygget er teikna av den italienske arkitekten Fortunato Lodi. For to som kjenner kvarandre gjennom Hjelmeland Teater, var det naturleg å stoppa opp her.På Praça da Figueira kunne me sjå opp mot Castelo de São Jorge, der me hadde rusla tidlegare på dagen. Midt på bildet ligg fleire av dei karakteristiske flislagde fasadane, medan marknadsbodene står på rekkje og rad til høgre i bildet.
Utan at me visste om det på førehand, hadde me dumpa inn i den årlege haustmarknaden. Nancy fann seg noko kjekt, og eg fekk prøva portugisisk sangria. Ein grei måte å avslutta sightseeingrunden på.
I halv fem-tida hadde me fått nok av både bakkar, smau, butikkar og attraksjonar. Nå var me rett og slett leie av å gå og sjå. Det må vera lov, sjølv om ein er i Lisboa i 24 varmegrader midt i oktober.
Me tok metroen – som nå var travlare og fullare enn me hadde opplevd tidlegare – tilbake til Alameda. Der fekk me henta bagasjen hjå fyren som kombinerte bagasjeoppbevaring med sal av e-sigarettar og væske til e-sigarettar. Spør du meg, var det ein uventa kombinasjon for ein næringsdrivande, men bagasjen vår stod framleis der og venta på oss.
Oppbevaring av bagasjen hadde me bestilt gjennom Bounce, noko som fungerte godt for oss. Eg kan absolutt tilrå å setja frå seg bagasjen på denne måten, når ein vil reisa lett og vil at andre passar på bagasjen medan ein sjølv er ute på ekspedisjon og påfunn i byen.
Me sette kursen mot flyplassen, kom oss gjennom sikkerheitskontrollen og måtte venta ein times tid, før me endeleg fekk koma inn i loungen.
Her er det mindre støy og betre sitjeplassar. Når ein er sliten av sju dagar på reise, er det verdt pengane.
Etter planen skal flyet letta frå Lisboa klokka 22:55 lokal tid, altså 23:55 norsk tid. Me landar i København klokka 03:20, og får gleda av å tilbringa resten av natta på flyplassen før morgonflyet tar oss heim til Stavanger.
Eg skulle gjerne hatt ein prat med sadisten som meinte at dette var ei forbetring av den opphavlege reiseruta, med avreise frå Lisboa tidlegare på kvelden og framkomst i Stavanger rundt midnatt.
Det hadde jo vore for gale om me fekk sova i våre eigne senger.