4. oktober 2026
5. oktober 2026
6. oktober 2026
8. oktober 2026
9. oktober 2026
10. oktober 2026
11. oktober 2026
Dagen starta med nok ei begredeleg frukost-oppleving på Zenitude Hôtel Résidences i Marseille. Prisen for éi natt her var bittelitt billigare enn overnattinga i Ventimiglia, men frukostbufféen hadde løfta seg to-tre hakk.


Togreisa til Toulouse skulle etter planen ta om lag tre timar, men slik blei det ikkje.
I 14-tida kom me endeleg fram til Toulouse. Toulouse er den fjerde største byen i Frankrike, etter Paris, Marseille og Lyon, og har om lag 500.000 innbyggjarar innanfor kommunegrensa, og dersom ein reknar med heile storbyområdet, aukar folketalet til det tredoble.



Saman med Canal Latéral à la Garonne dannar den Canal des Deux Mers, «kanalen mellom dei to hava», som knyter saman Middelhavet og Atlanterhavet.
Hovudmålet med kanalen var å opna ei raskare og tryggare handelsrute, og sleppa den lange sjøreisa rundt Spania, som på 1600-talet kunne ta om lag éin månad.

Kanalen opna i 1681, berre nokre månader etter at Riquet døydde, og den blei svært viktig for handel og utvikling i området, men mista mykje av godstrafikken då jernbanen kom på 1800-talet.



Etter ein tur på kanalen, var me svoltne.
Bistroen Museau Musette låg like ved både kanalen og buss-stasjonen, og menyen – som me fann på Google Maps – freista. Endeleg skulle me få noko skikkeleg mat, i mat-eldoradoet Frankrike …
Sidan bistroen berre serverte drikkevarer i nokre timar til, før kjøkkenet skulle opna, blei det hurtigmat igjen. Men når sant skal seiast, er det franske McDonald's-kjøkkenet særs velsmakande.
Me fullførte det gastronomiske måltidet, og strena mot haldeplass 15 på buss-stasjonen.
Me var allereie fem minutt forseinka til å møta 30 minutt før avreise, som Andbus så strengt hadde forlangt då me skaffa oss billettar til reisa opp til Andorra la Vella.
Særs usikre blei me ståande og venta, og studerte håpefullt dei bussane som kjørte inn på buss-stasjonen.

Nancy prøvde å trengja seg inn på minibussen, sidan me var seint ute, men ho fekk streng beskjed om at all bagasje skulle bak i bagasjerommet, og alle passasjerar måtte visa pass eller annan fysisk legitimasjon for å bli med opp til Andorra.
Vel plasserte i seta på minibussen, skulle me først ein svipptur innom flyplassen i Toulouse.
Trudde me.
For på flyplassen i Toulouse, var det ein sta, ung mann som insisterte på at kravet om fysisk legitimasjon ikkje gjaldt for nettopp han.
Bussjåføren var sjølvsagt heilt usamd med dette, og det blei tidvis ubehageleg å observera den høglytte krangelen på vekselvis fransk og spansk, der sjåføren ettet beste evne prøvde å forklara at reglane var slik. Stabukken nekta å ta imot ordre, og braut seg forbi sjåføren og slo seg ned i eit ledig sete.
Den høglytte diskusjonen heldt fram, og sjåføren truga med å ringa politiet.
«Ver så snill», skreik stabukken.
«Kom deg ut», brølte sjåføren.
Situasjonen løyste seg ikkje før to menn frå det franske lokalpolitiet fekk snakka litt fornuft inn i stabukken, og tok han med seg ut av minibussen.
20 minutt forseinka, trilla me endeleg ut frå Toulouse internasjonale lufthamn.
Nancy, som det medmennesket ho er, sjekka om sjåføren hadde det greitt.
Ja, det hadde han, og me fekk snart erfara at støtte frå vennlege passasjerar, debrief med sjefen og fine franske vegar gjer susen, for ein bussjåfør som har ein dårleg dag på jobben.


Då me endeleg nådde det høgaste punktet på fjellovergangen i Pyreneane, opna Andorra seg som ei eventyrverd. I landsbyane på vegen ned mot hovudstaden, Andorra la Vella, kunne me studera ein heilt spesiell arkitektur, som kunne minna noko om byggeskikken i Alpane. Landsbyane låg nede i dalbotnen, med høge og skarpe fjell som raga til himmels på begge sider av vegen.




One Response
[…] Previous: Previous post: Veterantog, kanalcruise og minibuss til Pyreneane […]
Comments are closed.