Morten Hetland

Gammal trikk, ananasdrikk og julebutikk

Dag 7: Ein heilt planlaus dag i Lisboa gav oss tid til å følgja alle innfalla som me fekk. Me reiste med den historiske trikken, rusla gjennom tronge smau, fann forfriskingar i uthola ananasar og møtte ein by full av turistar og maratonløparar. Sjølv utan startnummer fekk beina våre nok å gjera.

Frå fjella i Andorra til elvebreidda i Lisboa

Dag 6: Med buss gjennom Pyreneane, ein snartur innom Barcelona og fly vidare til Portugal skulle me nå målet i vest. Men først venta spansk daglegvarehandel og litt meir tid på flyplassen enn me hadde ønskt.

Ein roleg dag i Andorra la Vella

Dag 5: Endeleg ein rolegare dag, utan stress og tidspress. Me rusla rundt på sightseeing og shopping, og fekk god mat og drikke i den andorranske hovudstaden.

Veterantog, kanalcruise og minibuss til Pyreneane

Dag 4: Frå veterantog og kanalcruise i Toulouse, gjekk turen vidare med minibuss over Pyreneane til Andorra, der nye opplevingar venta i den little fjellstaten mellom Frankrike og Spania.

Fyrsteleg overflod i Monaco

Dag 3: Frå ein skuffande hotellfrukost i Ventimiglia gjekk turen til palass, yachtar og velstand i Monaco. Med eit stopp i Nice og kveldsmat i Marseille blei det ein innhaldsrik dag langs Middelhavet, og endå ein mikrostat kunne kryssast av på lista.

Eit lite land med ei lang historie

Dag 2: Frå stranda i Rimini gjekk turen opp til tårna i San Marino, før me reiste vidare mot den italiensk-franske grensa. Det blei ein lang dag med utsikt, historie og overraskande norske innslag i verdas eldste republikk.

Tre mikrostatar på éin haustferie

Dag 1: Denne haustferien skal me kryssa Europa frå Adriaterhavet i aust til Lisboakysten i vest. Første etappe baud på eit samansydd eple, pistasj-is og ein togtur i oppimot 300 kilometer i timen.

Kaktusar, køkultur og kunsten å koma seg vidare

Dag 4: Ukrainske fargar, finske fasadar og estiske velkomstord sette preg på dagen. Og mellom Helsingfors og Tallinn var det tid til både alvorlege tankar og undring over manglande folkeskikk. Kvelden baud dessutan på meir spenning rundt ein togbillett enn eg hadde bestilt.

Ålandspannkaka og finske matrobotar

Dag 3: Frå ålandspannkaka og eit lite parlament i Mariehamn, til slott, finske gateskilt og matrobotar i Åbo. Mellom dei låg ei reise mellom øyar, holmar og skjer.

Landet som ikkje er eit land

Dag 2: Eg kom til Åland med få forventningar, men det som på kartet ser ut som ei lita øygruppe mellom Sverige og Finland, viser seg å ha ein eigen ålandsk identitet.

Hej, grabbar! Nu kör vi!

Dag 1: Eg gjentar suksessen frå i fjor, og legg ut på ein ny backpacking-tur. Denne gongen skal eg reisa kollektivt rundt Austersjøen, med besøk i fleire storbyar, der første stopp er Stockholm.

Arkitektur, statuar og eit skyhøgt minibankgebyr

Dag 5: Bratislava møtte meg med UFO-tårn, nasjonalteater og ein smilande kloakkarbeidar, medan Praha baud på ekstrem oppussing, illusjonar og ein minibank-svindel av verste sort.

Fire hovudstader på éin dag

Dag 4: Frå morgontrasking i Zagreb via regntunge Ljubljana til eit overraskande hyggeleg møte med Villach, før eg kasta eit blikk på Wien på veg til Bratislava. Ekspedisjonen i Sentral-Europa har ikkje blitt nøyaktig slik som eg planla, men opplevingane kjem som perler på ei snor.

Omvegar gjer livet rikare

Dag 3: Kven andre enn ein litt overivrig togreisande ville lagt inn 2 timar og 19 minutt ekstra i eit mellomalder-tog utan aircondition, berre for å spara 200 kroner på overnatting og kunna seia «Eg har vore i Kroatia»? Omvegen var slett ikkje prega av luksus, men den blei minneverdig.

Dagen der det meste gjekk litt skeis

Dag 3: Dagen starta i ein pittoresk småby i Austerrike, og skulle etter planen bli ein dag med spektakulær utsikt frå panoramavogna på toget. Men i staden for, blei det eit maraton av setetjuveri, forseinka tog og absurde augeblikk.

Frå ravine og croissant til alpar og einevelde

Dag 2: På denne etappen gjekk reisa gjennom små, men svært ulike land; frå ravinebyen Luxembourg, via Frankrike og Sveits, til alpelandet Liechtenstein. Undervegs blei det gratis kollektivtransport, sveitsiske kyrkjetårn, franske spesialitetar og eit fyrsteslott som tronar symboltungt over både parlament og regjeringsbygg.

Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen

Dag 1: Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.

Er det mogleg å besøka 10 land på 5 døgn?

Eg har bestemt meg for å testa punktlegheita på det europeiske jernbanenettet. I løpet av fem dagar skal eg reisa miljøvennleg gjennom ti land, besøka femten byar og leggja bak meg over to tusen kilometer på skinner.