Luxembourg

Frå ravine og croissant til alpar og einevelde

Dag 2: På denne etappen gjekk reisa gjennom små, men svært ulike land; frå ravinebyen Luxembourg, via Frankrike og Sveits, til alpelandet Liechtenstein. Undervegs blei det gratis kollektivtransport, sveitsiske kyrkjetårn, franske spesialitetar og eit fyrsteslott som tronar symboltungt over både parlament og regjeringsbygg.

Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen

Dag 1: Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.