Frå ravine og croissant til alpar og einevelde

3. august 2025

🇳🇱🇧🇪🇱🇺

4. august 2025

🇱🇺 Luxembourg (Luxembourg by)
🇫🇷 Frankrike (Mulhouse)
🇨🇭Sveits (Zürich)
🇱🇮 Liechtenstein (Schaan/Vaduz)

5. august 2025

6. august 2025

7. august 2025

Luxembourg/Luxemburg/Lëtzebuerg er eit lite, men svært så internasjonalt land, som ligg skvist mellom Belgia, Frankrike og Tyskland. Fransk, tysk og luxembourgsk er offisielle språk. 

Dagen min starta med frukost; ikkje på hotellet, men på restauranten Le Quai Steffen, som heldt til i stasjonsbygninga i Luxembourg by.

Det blei ikkje servert nokon frukostbuffét i Luxembourg, men i staden for fekk eg starta dagen med dette frukostbrettet. Godt, men uvant.
All kollektivtransport i Luxembourg er gratis, så for å kick-starta dagens rundtur, hoppa eg på LuxTram-trikken frå jernbanestasjonen.
Her i den luxembourgske byen ligg amerikanske Burger King og McDonald's vegg i vegg.
Frå 1952 til 1967 heldt Det europeiske kol- og stålfellesskapet (forløparen til EU) sitt spesialråd av ministrar møta sine i Cercle Municipal, som ligg på Place d’Armes i Luxembourg by.
Det staselege palasset Palais Grand-Ducal fungerer som residens for storhertugen av Luxembourg, og ligg i noko som me i Noreg ville ha kalla ei bakgate.

Byen Luxembourg er bygd i ein ravine, noko som verkeleg gjev denne hovudstaden eit særpreg.

Her står bygningane delvis nede i ravinen, og delvis på platået rundt.
Gammalt og nytt i same bilete, og ein sjølvfie-fotograf som òg vil vera med.
Panoramabilete over gamlebyen og Alzette-dalen, fotografert frå Chemin de la Corniche, den historiske gata som blei bygd oppå den gamle bymuren på 1600-talet, og som er kjent som «Den vakraste balkongen i Europa».
Gamlebyen, med Chemin de la Corniche, til venstre i biletet, og moderne høgblokker og heisekranar bak til høgre i biletet.
Det nasjonale solidaritetsmonumentet Monument national de la solidarité ligg på Kanounenhiwwel (Kanonhøgda), og er reist til minne om offera for den andre verdskrigen, og symboliserer solidariteten til det luxembourgske folket og motstanden mot den nazistiske okkupasjonen.
Eg kan ikkje hugsa å ha vore i nokon annan by med større høgdeforskjellar på såpass korte avstandar.
Nemnde eg forresten at det finst fargerike elektriske bussar her, og at all kollektivtransport i Luxembourg er "gratis"?
Av alle ting ein kan finna i kiosken på hjørnet, kom eg over denne kartongen med iste med "noko attåt". Nei, eg prøvde ikkje, for eg har ikkje råd til å bli avhengig.

Den einaste strekninga med planlagt «buss for tog» på Europa-ekspedisjonen min, var frå Luxembourg by til Bettembourg, der eg skulle reisa vidare med toget til den franske byen Mulhouse.

Sjølv om bussen hadde greie nok sete å sitja i, er det alltid eit visst ork å reisa med buss i staden for tog.

I Bettembourg gjekk eg om bord i eit flott TGV-tog, som skulle bruka 2,5 timar til neste stopp: Mulhouse i Frankrike!

Noko av det stilige med å reisa med tog, er at det i all hovudsak er komfortabelt, og ein får sjå mykje langs skinnene. Mellom anna glir det eine slottet etter det andre forbi, somme er små, andre er store, somme er velstelte og andre er halvvegs forfalne.

Kven i all verda var det som ein gong budde der; som hadde råd til å bygga seg slott, og meinte at dette var den mest fornuftige måten å leva på? Kva slags liv hadde dei der inne bak murane? Var det festar og pomp og prakt, eller spøta dei, drøste og drakk kaffi eller spelte yatzy?

To franske slott i same bilete: Château du Haut-Kœnigsbourg (i grøn ring) og Château de l'Ortenbourg (i raud ring).
Château du Haut-Kœnigsbourg ruvar over Orschwiller i Alsace. Borga blei bygd på 1100-talet, og er delvis hogd inn i fjellet. Svenskane la ho i ruinar under trettiårskrigen tidleg på 1600-talet, og det var først då den tyske keisar Vilhelm II tok tak fleire hundreår seinare, at borga fekk nytt liv. I dag er den eit av dei mest besøkte turistmåla i Frankrike.
På torget i Mulhouse (uttalast my:lo:s) fann eg både fransk flagg, fransk kyrkje, fransk historisk museum og ein nordmann som prøvde å snakka fransk.
Arkitekturen her er ei salig blanding av tradisjon og innovasjon, der historia møter den nye tida.
Før avreise fekk eg smaka ekte fransk croissant framføre ein karusell…
… og ekte fransk (?) boble-te framføre øldrikkande pubgjester.

Neste stopp: Sveits!

Sveits er eitt av tre land på reisa mi, der hovudstaden ikkje er den største byen. Her besøkte eg Zürich, som er den største byen, men ikkje hovudstaden i landet.
Det første som må seiast om Zürich: Fytti for ein fin utsikt når ein går til Zürich-sjøen, og speidar mot Alpane i det fjerne.
Her ved Zürichsee kan ein òg finna ei klokke over eit blomsterbed, …
… samt statuen av den mytologiske Ganymedes, som blir bortført av Zevs i form av ei ørn.

At klokka er to timar for rask, og at guten står kliss naken, ser ikkje nokon ut til å bry seg med.

Frå Quaibrücke er det nydeleg utsyn over elva Limmat, og på kvar si side av elva ruvar landemerke-kyrkjene Fraumünster (til venstre) og Grossmünster (til høgre). Ifølgje Chat GPT ville eg få eit flott bilete av desse kyrkjene på kvar si side av Limmat, men den kunstige intelligensen visste ingenting om heisekrana som strekte armen sin tvers over tårnet på Fraumünster.
Langs elvebreidda er det bygd trapper ned elva, med plattingar der folk kan sola seg, kvila seg og dyppa tærne i det friske vatnet.
Mellomaldergata Augustinergasse må òg nemnast, sidan eg framleis er bittelitt interessert i arkitektur. Smuget/gata er kalla opp etter Augustinerkloster, som blei bygd i området her rundt 1270, og ein spasertur gjennom Augustinergasse sikrar at du ikkje gløymer kva land du er i.

Takk for meg, Sveits!

Neste stopp: Liechtenstein!

Det tek ikkje så lang tid å besøka fyrstedømet Liechtenstein, som ligg skvist mellom Sveits og Austerrike, og som har litt mindre areal enn Porsgrunn kommune 

Like utanfor den knøttlitle tog-haldeplassen Forst Hilti blei eg ønskt velkommen av fabrikken og hovudkontoret til Hilti AG. Hilti er mest kjent blant folk som jobbar i bygge- og anleggsbransjen, for å produsera profesjonelle kvalitetsverktøy og festemiddel. Ein eller annan plass i bakgrunnen, skal ein finna fjelltoppen Kuhgrat.

Eg bur i Schaan, like ved Hilti, men sidan eg er turist i landet, fekk eg gratis buss-pass i velkomstgåve. Difor måtte eg sjølvsagt ta turen inn til hovudstaden Vaduz, for å spela ut rolla som turist der.

I Vaduz fekk eg mellom anna sjå ein miniatyrversjon av Vaduz Slott (i tilfelle eg ikkje orkar å gå opp den bratte bakken).
Eg blei òg fotografert inni eitt av dei to glasprisma til Heinz Mack, som gjorde sitt beste for å vera kunst. Zoom inn på prismet til høgre, så bør du sjå meg nedst i det gule feltet.
St. Florin-katedralen ligg nydeleg til under dei liechtensteinske fjella.
Fyrsteslottet tronar over hovudstaden Vaduz, og vitnar om fyrstefamilien sin formue.

Den liechtensteinske fyrsten er blant få statsoverhovud i det moderne Europa som faktisk har reell makt. Hans Adam II (eller sonen hans Alois, for dei har delegert litt) kan gjera ting som dei fleste andre kongar berre kan drøyma om mellom opningsseremoniar og nyttårstalar: Fyrsten kan oppløysa regjeringa viss han synest at dei somlar for mykje, og heller be folket om å velja ny regjering. Han utpeikar dommarane, og kan leggja ned veto både mot lovene som parlamentet vedtek og mot resultatet av folkeavstemmingar, viss han ikkje likar dei.

Apropos "demokratiet" her: Nede i Vaduz ligg parlamentetsbygget og regjeringsbygget; svært symboltungt at dei ligg under slottet, spør du meg.

Regierungsgebäude (Regjeringsbygget) blei bygd mellom 1903 og 1905, og husar statsministeren, departementa og nasjonalarkivet.
Landtagsbygget, som husar det liechtensteinske parlamentet med 25 medlemmer, ligg like under Vaduz slott, saman med Regjeringsbygget. Mellom bygga til dei to statsmaktene står ei glasplate med eit nydeleg sitat frå artikkel 14 i grunnlova: «Staten si viktigaste oppgåve er å fremja heile folket si velferd.» For liechtensteinarane sin del, får me håpa at fyrsten er samd i dette.
Hjå ein av dei få stadene som tilbaud servering etter klokka 21:00 på kvelden, fekk eg smaka noko som smakte godt.
Full av nye inntrykk og opplevingar, kunne eg glad og lukkeleg ta bussen tilbake frå Vaduz til Schaan, medan eg grubla på kva slags land dette Liechtenstein eigentleg er.

Liechtenstein er eit land som verkar som at det eigentleg ikkje burde ha vore eit land, men som likevel gjer det betre enn dei fleste andre landa i verda. Og det er nesten litt provoserande!

Mellom anna har Liechtenstein høgast BNP per innbyggjar (207.973,62 USD) og flest OL-medaljar per 1 million innbyggjarar (248,8).

Til samanlikning er Noreg sitt bruttonasjonalprodukt per innbyggjar 86.809,72 USD, og Noreg har "berre" henta heim 29,7 OL-medaljar per 1 million innbyggjarar. 

Men så er det berre Liechtenstein som har eit såpass teit og barnsleg stadnamn som Bendern.

God natt!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *