Like utanfor Niamey i Niger lever dei siste ville sjiraffane i Vest-Afrika. Med litt tolmod, forhandlingar og ein motorsykkeltur gjennom savannen, er det mogleg å oppleva dei på nært hald.

Eg og Travis hadde høyrt at dei siste ville sjiraffane i Vest-Afrika heldt til like utanfor den nigerske hovudstaden Niamey. Sidan Niger nesten ikkje får turistar i det heile, var det vanskeleg å finna informasjon om staden på nettet. Det einaste me fann, var historier om folk som hadde betalt rundt hundre dollar for ein privat sjåfør til og frå landsbyen Kouré, som ligg om lag to timars køyring frå Niamey, i tillegg til parkavgifter.
Ved å spørja litt rundt fann me derimot ut at det var mogleg å koma seg dit for berre 1.800 CFA (3 €1) med ein buss med aircondition frå selskapet Africa Assalam. Det ville til og med berre kosta 1.000 CFA dersom me hadde teke ein trong tro-tro minibuss.
Parkavgiftene kunne me òg forhandla om. Ved å forklara at me var studentar på stramt budsjett, enda me opp med å betala følgjande:
- Inngangsbillett for turistar:
10.0004.000 CFA - Guide per person: 2.500 CFA
- Kameraavgift: 500 CFA
- Motorsykkel med sjåfør:
15.00010.000 CFA
Totalt blei prisen forhandla ned frå 28.000 CFA til 16.500 CFA per person. Med transport inkludert, betalte me litt over 20 euro; langt mindre enn me først hadde rekna med.
Opplevinga var definitivt verd turen.
Frå landsbyen Kouré sette me oss bakpå motorsyklane saman med guidane våre. Dei køyrde oss rundt 30 kilometer til næraste landsby, der sjiraffane hadde blitt observerte, og derfrå nokre kilometer vidare på laus grusveg.

Då me til slutt såg eit par sjiraffhovud stikka opp over trea, sakka me farten og parkerte motorsyklane like i nærleiken. Me hadde funne ein familie på åtte sjiraffar som stod roleg og beitte i dei høge trea.
Guidane lét oss gå så nær me ville, heilt til sjiraffane byrja å trekka seg unna. Dei snakka litt engelsk, og forklarte at skilnaden på hann og ho er at hannane har ekstra horn. Dei fortalde òg at det fanst 452 sjiraffar igjen i Niger, og at dei største kunne bli mellom fem og seks meter høge og opptil 25 år gamle.

Heile turen var vel verd innsatsen, og sidan området ligg aust for Niamey, passa det perfekt som eit stopp på vegen vår vidare mot Benin.
- 656 CFA tilsvarer 1 € etter fast kurs. ↩︎

