Ein roleg dag i Andorra la Vella

4. oktober 2026

🇮🇹

5. oktober 2026

🇮🇹🇸🇲

6. oktober 2026

🇮🇹🇲🇨🇫🇷

7. oktober 2026

🇫🇷🇦🇩

8. oktober 2026

🇦🇩 Andorra (Andorra la Vella)

9. oktober 2026

10. oktober 2026

11. oktober 2026

Kalenderen viser torsdag 8. oktober, og dagen i dag kjem til å bli den rolegaste dagen på heile ekspedisjonen. Etter fire hektiske og innhaldsrike dagar, skal me berre nyta opphaldet i Andorra la Vella, og berre gjera det som me sjølv har lyst til, utan planar, stress, reiser og tidspress.

Etter ein betre frukost på Hotel Best Andorra Center, stakk me innom den lokale kaféen på hjørnet, Fleca Font, og fekk smaka på café bombón; halvparten espresso og halvparten kondensert mjølk. Namnet burde ha åtvara meg om at denne drikken er ekstremt søt. Heime i Rogaland, er bombom nemleg eit dialektord for drops.

Andorra var den siste mikronasjonen i fastlands-Europa som eg ennå ikkje hadde besøkt. Før nå. Med sine 468 kvadratkilometer, er landet bittelitt større enn Oslo kommune, og har om lag 90.000 innbyggjarar. Det einaste offisielle språket i landet – katalansk – er morsmålet til om lag 45 prosent av innbyggjarane. I tillegg til alle andorranarane som bur her, er det svært mange spanjolar, portugisarar og franskmenn som bur og jobbar i Andorra.

Både Nancy og eg lét oss fascinera av vakre gater og smau i gamlebyen.
Utkikkspunktet i gamlebyen var derimot stengt av, grunna anleggsarbeid. Eg tippar at dei som besøker Andorra la Vella neste år, vil få ein mykje finare plass å ta sjølvfiar frå, etter at byggearbeida er ferdigstilt.

Sidan 1278 har Andorra hatt ei heilt spesiell styringsordning, med to samfyrstar. Opphavleg var dette biskopen av Urgell i Spania og greven av Foix i dagens Frankrike. I dag er det den franske presidenten og biskopen av Urgell som deler rolla som statsoverhovud.

Med grunnlova av 1993 blei Andorra eit moderne, parlamentarisk demokrati, der samfyrstane framleis har viktige, men hovudsakleg representative oppgåver.


Casa de la Vall (Dalens hus) blei bygd i 1580 som bustad for Busquets-familien. Den historiske steinbygningen har tre etasjar og forsvarstårn. I 1702 blei huset kjøpt av forløparen til den andorranske nasjonalforsamlinga, og har sidan vore nytta som møtestad for styresmaktene og som rettslokale.
Sjølvfie i trappa ved Casa de la Vall.
Fram til 2011 heldt parlamentet, Consell General, til i Casa de la Vall, til høgre i bildet, før det flytta inn i ein ny og moderne parlamentsbygning, framme til venstre i bildet.
Frå den store uteplassen framføre det gamle og nye parlamentsbygget, var det vid utsikt over dalføret mot sørvest (i bakgrunnen) og nordaust.
Panoramasveip over Andorra la Vella.
Nancy og eg har ikkje reist i meir enn nokre titals land i verda, men me gjettar på at Andorra er det einaste landet i verda der dei har bygd eit klatrestativ av dei tre første bokstavane i namnet på landet, som òg er dei tre første bokstavane i namnet på hovudstaden.
Kyrkja Església de Sant Esteve til venstre, og Comú d’Andorra la Vella til høgre. Det var desse bygningane Nancy og eg tok sjølvfie saman med i går kveld. Veggmåleriet på rådhuset heiter Transparència, og blei måla av Samantha Bosque i 2016, for å visa kva bygningar og landskap som er gøymt bak fasaden.
Elva Gran Valira renn gjennom heile hovudstaden, og på begge sider av elva er det godt tilrettelagt for promenering. På venstre side av elva går Camí Prada Casadet, og på høgre side Camí del Parc Central.
Mange vil nok kjenna igjen Salvador Dalí som skapar av skulpturen Noblesa del temps (Tidas adelskap). Skulpturen er laga av 1.400 kg bronse, og ruvar 4,9 meter opp i vêret. Skulpturen symboliserer mellom anna korleis tida har absolutt makt over menneskeheita.
Brua Pont de París er ei moderne, avantgardistisk skråstagsbru, som utgjer eit kjærkome fotomotiv for turistar i byen.
Andorra la Vella er eit eldorado for shopping-glade turistar. Eg tilhøyrer ikkje denne kategorien, men blei fascinert over det enorme utvalet i dei to samanhengjande handlegatene
Avinguda Meritxell
og
Avinguda Carlemany.
Her får ein mellom anna freistande tilbod om å handla sigarettar i store kvanta, og så kan ein velja mellom å få ein lighter, olivenolje eller ei spritflaske på kjøpet.

Eg stod over det freistande tilbodet, og kjøpte heller med meg det argentinske landslaget si bortedrakt til Petros, som venta lengtande på meg heime i Noreg, samt nokre små suvenirar til dei tre niesene mine, som alltid er spente på kva gåver onkel Morten tar med seg heim frå ekspedisjon.

Før me sette kursen tilbake mot gamlebyen, fann eg endå eitt spor av Noreg i ein europeisk mikronasjon: Denne møbelforretninga kunne freista med IMG-møblar frå Ekornes-konsernet, som held til i Sykkylven utanfor Ålesund.
Endeleg tilbake i gamlebyen. Resten av dagen gjekk med til god mat, god drikke og god drøs på Barri Antic Hostel & Pub (med det andorranske flagget til venstre i bildet) og hamburger-sjappa Chester.