«Alle gode ting er tre», blir det sagt, noko som betyr at denne tredje ekspedisjonsdagen bÞr bli den beste pÄ heile turen. Men i dag kom dagen der det meste ikkje gjekk som planlagt. Slik mÄ eg vel gjerne forventa, sidan dette er den lengste reisedagen av alle pÄ denne ekspedisjonen.


Like bortanfor motellet, steig eg inn pÄ toget som skulle ta meg inn i Austerrike.
Heilt fram til i dag, har mitt forhold til Austerrike vore at dette er heimlandet til Adolf Hitler, og at det éin gong i tida var halvparten av keisardÞmet Austerrike-Ungarn. Men det var fÞr eg besÞkte landet sjÞlv.
Mitt fÞrste mÞte med Austerrike var den pittoreske smÄbyen Feldkirch, heilt vest i landet, like ved Liechtenstein.




PÄ klostermuren har 7. klassingar, som ein del av ei skuleoppgÄve, laga flotte bilettavler over temaet FRIEDE.

FRIEDE â tysk
BARIS â tyrkisk
MIR â kroatisk
SALAM â arabisk
PEACE â engelsk
PACE â italiensk
PAX â latin
Eg vil ĂČg trekka fram kunstinstallasjonen til Stefan FinĆŸgar: leben | lachen | sterben (lev | le | dĂžy).




Avgangen frÄ Feldkirch i Austerrike gjekk frÄ perrongen med militÊr presisjon. Denne 4 1/2 timar lange turen hadde eg sett fram til. Lenge.
Eg hadde reservert sete ved vindauget i panoramavogna, med kjÞreretninga, med god utsikt mot hÞge fjelltoppar gjennom Austerrike. Men dÄ eg kom til setet mitt, var det opptatt.
Mannen spurde sÄ fint om han kunne fÄ min plass, sÄ han kunne sitja med si hÞgt elska hustru. Unge, lovande Hetland bÞygde av for gruppepresset, og gav han setet. Det skulle eg aldri gjort!
SjÞlv om dei var sÄ forelska at dei bÄde sÄg og tok pÄ kvarandre meir enn to gonger, lÄg den kvinnelege parten stort sett i sovestilling, medan herremannen planta nasen sin trygt ned i mobilskjermen.


I Schwarzach im Pongau fekk eg vita at neste tog var ca. 10 minutt forseinka. Det gav meg 10 ekstra minutt til Ä studera det snart 100 Är gamle damplokomotivet som stÄr like utanfor stasjonen.

Heldigvis var det ikkje 1D1-tanklokomotivet som skulle ta inn igjen forseinkinga frÄ Schwarzach, for det var hÞgst nÞdvendig viss eg skulle nÄ neste tog frÄ Villach.
ĂBB-toget gauv pĂ„ mot sĂžraust, sjĂžlv om kafĂ©en var av det provisoriske slaget; to kjĂžletraller plassert i to forskjellige kupĂ©ar pĂ„ 2. klasse.
PÄ stasjonen i Villach var det med naud og neppe eg kom meg inn pÄ Slovenske statsbanar sitt ekspresstog mot Ljubljana, fÞr dÞrene blei lukka igjen bak meg. Eg hadde reservert sete, men fann ikkje riktig vogn. "Set deg kor du vil. Dette er eit anna tog enn det som stÄr pÄ billetten din", sa konduktÞren, sÄ eg og ho delte kupé pÄ 1. klasse. Ho sa ikkje meir til meg resten av turen.
DÄ me kom inn i Slovenia, blei ho avlÞyst av ein mannleg kollega, som raskt kunne opplysa om at det var «buss for tog» (dei seier ikkje det i Slovenia) mellom Kranj og Ljubljana.
Sidan dette var 5.â6. gong i dag, at ting ikkje gjekk som planlagt, bestemte eg meg for Ă„ gĂ„ heilt bananas. Eg droppa overnatting i Ljubljana, for Ă„ ta toget inn til Zagreb, og dermed kryssa av Kroatia som land nummer Ă„tte pĂ„ reisa. Overnattinga der var dessutan 200 kroner billigare enn i Ljubljana, og sidan eg mĂ„ reisa lenger i morgon, mĂ„ eg vakna endĂ„ tidlegare, og fĂ„r endĂ„ meir ut av dagen.

Med billetten klar, klatra eg inn i det antikke toget som skulle ta oss til Zagreb. DÄ eg om sider fann riktig vogn, og sÄ riktig kupé, oppdaga eg til mi store forskrekking at ei moden kvinne hadde teke plassen min, og plassert dei sokkelause beina sine oppÄ det motstÄande setet.
Med dagens tidlegare eskapadar friskt i minnet, gav eg ho mÄlretta beskjed om at ho hadde tatt mitt sete. Ho skjÞnte ikkje kva eg sa, men bodskapen nÄdde fram, sÄ ho tok beina demonstrativt ned frÄ setet, beheldt sokkane av, lirka seg ned i det ledige setet, og tok pÄ seg eit munnbind.
«Hersens turistar», tenkte me vel begge to.

NĂ„ jobbar eg intenst for at lungene skal filtrera ut det som finst av tilgjengeleg oksygen i dette forhistoriske toget, utan aircondition. Me er seks personar som deler pĂ„ lufta inni kupĂ©en, sĂ„ eg hĂ„par at den modne kvinna ikkje brukte munnbind pĂ„ grunn av ein luftvegsinfeksjon. NĂ„ har ho nemleg tatt av seg munnbindet, for Ă„ fortĂŠra saltstenger â som ho et Ă©in og Ă©in, og plukkar dei ut av posen med eit papirlommetĂžrkle. Slikt blir berre for rart, spĂžr du meg.


