3. august 2025
4. august 2025
5. august 2025
6. august 2025
7. august 2025
Det er omveiene og forsinkelserne og sidesporene, som beriger ens liv.
– Nils Kjær
Eg tvilar sterkt på at Nils Kjær tenkte på tog-ekspedisjonar gjennom Sentral-Europa, då han skreiv dette i «Schillers svigermor», men eg kan garantert skriva under på at det òg gjeld for tog-ekspedisjonar gjennom Sentral-Europa.
Då eg planla denne turen, hadde eg tenkt å besøka Ljubljana i Slovenia, sjølv om det er ein betydeleg omveg på turen rundt Tyskland med tog. Men det er liksom ikkje så mange som kan fortelja at dei har vore i Ljubljana, eller nokon annan stad i Slovenia, for den saks skuld.
Likevel blei eg relativt forbausa over meg sjølv, då eg heilt spontant, i tolvte time (13:02, for å vera presis), bestemte meg for å berre reisa gjennom Slovenia, og heller forlenga dagens togtur heilt til Zagreb i Kroatia.
For kven i all verda er det som frivillig vel å reisa 2 timar og 19 minutt lenger enn nødvendig?!
På 2. klasse?!
I ein kupé utan aircondition?!
For å spara 200 kroner på overnatting?!
Og for å kunna seia at han/ho/hen har vore i Kroatia?!
Alle andre nordmenn som besøker Kroatia dreg på charter-tur til Dubrovnik eller Split eller Pula!
Nei, slike krumspring, som å leggja inn ein omveg på 2 timar og 19 minutt på ein – allereie – alt for lang togtur, er det berre galningar og folk med omfattande fritidsproblem som driv med.
Du kan sjølv bedømma kva kategori du meiner at eg høyrer heime i.



– God kveld! Eg vil sjekka inn, sa eg, delvis på kroatisk, delvis på engelsk.
– Åh… Eg trudde du kom for å helsa på meg, kom det tørrvittig frå resepsjonisten; ei vennleg og raus dame i sin beste alder.
Croatia, twelve points!
Croatie, douze points!
– Gratulerer med sigersdagen, parerte eg.
Norway, twelve points!
Norvège, douze points!
Eg lurte på om restauranten framleis var open, sidan det freista med noko skikkeleg mat. Heilt sidan eg reiste frå Amsterdam på sundag, har eg i all hovudsak overlevd på sandwich og croissant i ulike variantar.
– Jo, kjøkkenet er ope i 20 minutt til, konstaterte ho.
Eg har ikkje for vane å plaga restaurant-tilsette like før stengetid. (Det har skjedd éin gong tidlegare, heime på Hjelmeland denne sommaren.) Likevel var eg klar for skikkeleg mat, etter 1.480 kilometer på skinnene.
Den unge servitøren tok varmt imot, sa at eg kunne sitja kor eg ville, og anbefalte meg å prøva éin av pasta-rettane deira. Om det faktisk var førstevalet hans, eller den retten som tok kortast tid å laga, vil eg truleg aldri få svar på. Og det kan vera det same. For omvegen var definitivt verdt det!
I ei skål, med alt for store kantar, fekk eg servert den beste pasta-retten eg nokon gong har smakt. Restoran Ragusa sin fuži med tartuf, parmigiano og prosciutto kan absolutt anbefalast på det varmaste.




Så langt har Kroatia bydd på omvegar, forseinkingar og sidespor. Og så langt har det gjort livet rikare.
Takk for påminninga, Nils Kjær!

