Fire hovudstader på éin dag

3. august 2025

🇳🇱🇧🇪🇱🇺

4. august 2025

🇱🇺🇫🇷🇨🇭🇱🇮

5. august 2025

🇱🇮🇦🇹🇭🇷

6. august 2025

🇭🇷 Kroatia (Zagreb)
🇸🇮 Slovenia (Ljubljana)
🇦🇹 Austerrike (Villach/Wien)
🇸🇰 Slovakia (Bratislava)

7. august 2025

Morgonstund er tull i grunn'.
– Morten Hetland

I dag vakna eg i 6-tida, for å ha tid til ein spasertur i Zagreb, før frukostbufféten på hotellet opna. Det har aldri skjedd i mi levetid på over 35 år.

Like bortanfor hotellet fekk eg raskt eit inntrykk av kva Zagreb kan bjuda på. I dag var eg ikkje interessert i nokon av tilboda deira.
Litt lenger borti gata fann eg ein liten, søt plakett for tinghuset til Zagreb fylkesrett. Eg var visst på feil side av bygget, for …
… på den andre sida var det flotte fasadar, og …
… den njudelege Zrinjevac-parken.
Eg traska heilt bort til det 400 år gamle Ban Josip Jelačić-torget, før eg snudde nasen mot hotellet igjen.
På veg tilbake fekk eg, som nemnt, sjå finare fasadar enn på vrangsida, mellom anna Utanriksdepartementet, som så vidt fekk plass over augene mine.
Før eg steig inn på toget som skulle ta meg til Ljubljana, sikra eg meg eit foto av minnesmerket etter Holocaust- og Ustasha-offera: Denne massive veggen av koffertar symboliserer alle liva som blei reduserte til koffertar med eigendelar. Frå togstasjonen i Zagreb blei rundt 800 jødar sendt til Auschwitz i august 1942. Dei kom aldri heim igjen.

Neste stopp: Slovenia!

Slovenia = heimlandet til Melania Trump

Det var i alle fall det einaste eg visste om Slovenia, fram til i dag. Ja, i tillegg til at hovudstaden heiter Ljubljana.

Mitt førsteinntrykk av Ljubljana starta i går, då eg måtte ta «buss for tog» (dei seier framleis ikkje det her) frå Kranj til Ljubljana i går ettermiddag, før eg tok det forferdelege toget vidare til Zagreb.

Då eg kom hit frå Zagreb i dag, var mitt andreinntrykk at dette var ein dritt-by, på grunn av (1) vêret og (2) bagasje-oppbevaringa.

Sjølv om Yr.no melde at det skulle vera opphaldsvêr, blei eg raskt våt i det litle håret eg har. Bagasje-oppbevaringa var gøymt vekk på grunn av ombygging av stasjonen. Då eg om sider fann skapa, fekk eg ikkje låst inn den tunge ryggsekken som eg drassa på, for automaten kravde myntar. Eg gav vekk dei siste myntane mine til ein tiggar på stasjonen i Zagreb. #karma

Første sjølvfie-punkt var Dragebrua, bygd i 1901. Det er ikkje tilfeldig at dei har pynta brua med dragar, sidan dette er sjølve symbolet på Ljubljana. Våpenskjoldet og byflagget deira har òg ein drage, på toppen av ei gammal borg.
Då eg kom lenger inn i gamlebyen, til torget der alle gateseljarane står, sikra eg meg ein blå-grøn paraply. Til 10 euro! Eg kunne sikkert ha pruta, men hadde ikkje verken humør eller innstilling til det. Og paraplyen var grei nok den.
Hugsar du våpenskjoldet til Ljubljana, som eg nemnde? Eg innbillar meg at dragen i våpenskjoldet står oppå Ljubljana slott, så der måtte eg sjølvsagt ta turen opp med kabelbanen (Funiculì, Funiculà).
Sidan dragar ikkje er verkelege, får du nøya deg med eit bilete av Morten på Ljubljana slott, med byen i bakgrunnen.
I kjellaren av Erasmus-tårnet ligg eit lite adelsfengsel frå 1400-talet, der veggane framleis har spor etter fangane, med innrissa inskripsjonar og våpenskjold. Mellom anna kan ein sjå merket til Erazem av Predjama, den legendariske riddaren som var Slovenia sitt svar på Robin Hood.
Borggarden vitna meir om eit moderne turistanlegg, enn om at slovenarane har bevart historia. Eg veit ikkje heilt kva eg synest om nettopp det.
På utsida av murane ser det meir autentisk ut.
Elva Ljubljanica er ei 41 kilometer lang elv, som mellom anna renn gjennom hovudstaden i Slovenia.
På veg tilbake mot stasjonen, måtte eg sjølvsagt innom Tromostovje (Trippelbrua), der tre bruer hjelper turistane vekk frå Prešernov-torget. Den særmerkte raude bygningen i bakgrunnen, er fransiskanarkyrkja.
Turistar på Tromostovje (Trippelbrua), med Ljubljana slott på høgda i bakgrunnen.
På dag 4, etter 1.601 kilometer på skinner gjennom 9 land, og mange kilometer trasking på asfalt, begynner unge lovande Hetland å bli sliten. Difor blir det siste biletet frå Ljubljana av ein sliten Hetland framfor ein sliten skulebygning.

Oppsummert: Ljubljana er betre enn mitt første- og andreinntrykk, men eg er glad for at eg heller besøkte Zagreb i går kveld, i staden for å ha 5 timar å slå ihel her i dag.

Sidan det gjekk «buss for tog» (dei har framleis ikkje begynt å seia det her) frå Ljubljana til Kranj, blei ankomsten i Villach i Austerrike 23 minutt forseinka, og det åt opp den litle buffertida eg hadde til toget som skulle ta meg vidare til Wien. Dermed blei eg 14 minutt for sein, og måtte venta i Villach i 1 time og 46 minutt på neste tog til Wien.

Sjølvsagt måtte eg klaga og furta litt, men takk og lov for at skjebnen viste meg Villach.
Denne flotte austerrikske småbyen ligg nær grensa til Slovenia, og har snautt like mange innbyggjarar som Sandnes by. Villach er eit viktig knutepunkt, der vegar og jernbanelinjer mellom Slovenia, Austerrike, Italia og Tyskland møtest. Torget i gamlebyen er eit sjølvsagt fotomotiv.
Det same er elva Drau.
Over heile verda festar forelska par hengelåsar til bruer som eit symbol på evig kjærleik. Det gjer dei òg her i Villach.
I Lederergasse hadde dei òg plenty av paraplyar, som eg hadde trunge i Ljubljana tidlegare på dagen, men nå var det for seint. Og den strålande sola tvingde den nykjøpte paraplyen min ned i sekken.
Like ved Villacher Brauerei møtte eg ein fjåg fyr, som ikkje sa stort. Eg begynner å bli komfortabel nok til å snakka tysk, men det hjelper lite når fyren viser seg å vera ein statue. Prost!

Som ein av mine trufaste følgjarar har merka seg, har eg pakka lett, og byter berre klede når eg må. Før togavgangen til Wien måtte eg. Og kor gjer ein stor kar det, når HC-toaletta er låste og berre øyremerka dei som har sin eigen EU-HC-nøkkel: I ein bås på det ordinære herretoalettet.

Anar du kor varmt det er å skifta klede i ein bås på eit herretoalett? Det gjer eg!

When will you realize, Vienna waits for you?
– Billy Joel

Det korte, ufrivillige, men positivt overraskande opphaldet i Villach førte til at eg berre hadde ein liten time i den austerrikske hovudstaden Wien, før eg skulle reisa vidare til Bratislava i Slovakia.

Sannsynlegvis er det mykje kjekt å sjå i Wien. Viss eg skal tolka Billy Joel bokstavleg, skal visstnok heile byen venta på meg, men dette korte besøket fekk eg skuffande lite ut av. 

Med litt hjelp frå Google Maps, såg eg at det burde vera mogleg å nå Schloss Belvedere, eit palassområde fra barokken, bygd av prins Eugene av Savoia. Men det var fint lite eg fekk sett.

Ved fortauet såg eg to plakatar av det som truleg er noko av fremste Austerrike kan by på innan kulturfeltet.
Belvedere-palasset kom eg aldri inn til, før eg måtte snu, sidan alle forslaga til Google Maps lokka meg til murar eller låste portar…
… men eg fekk sjå litt av taket på palasset gjennom trea.
Eg deler heller Krzysztof Kowalik sitt bilete av kva eg ville ha sett, VISS eg hadde kome meg innanfor murane.
Etter den mislukka Wien-ekspedisjonen, var det litt over gjennomsnittleg morosamt å passera kontoret til eit reisebyrå som er kalla opp etter ein annan som heller ikkje fann fram til det han leita etter.

Innanfor kategorien «kulinariske opplevingar», hadde eg som mål å smaka på ekte wienerbrød, wienerpølse og wiener melange (ein slags resen kaffi), men eg fekk ikkje tak i nokon av delene.

Eg deler – for tredje gong i mitt liv – bilete av maten; ikkje fordi det var sinnsjukt godt, men for å illustrera skuffelsen av å ikkje få smakt på éin einaste smakebit av dei delikatessane som er kalla opp etter Wien.

Togturen til Bratislava i Slovakia skulle berre ta 46 minutt, sidan eg hadde bestilt hotell i bydelen Petržalka. Men konduktøren meinte at det var absolutt ingen grunn til å reisa dit, og tilrådde heller å ta toget heilt inn til bykjernen.

Nok ein gong lét eg spontaniteten styra, og bestilte junior-suite på Clarion Congress Hotel Bratislava, inkludert frukost og fri minibar. Sjølv om minibaren var heilt fri for alkohol, får ein mykje for pengane i Bratislava: Junior-suite, minibar og frukostbuffét for snautt 1.700 kroner er ikkje kvardagskost heime i Noreg. Og dessutan var dette den siste natta på Europa-ekspedisjonen min.

Hotellet låg berre 5 minutt gange frå hovudstasjonen, noko som var ein klar fordel når eg skulle leggja ut på siste etappe dagen etterpå.

På kartet er hovudstasjonen berre "rett over brua" frå Petržalka, men i verkelegheita er det ein solid omveg for å koma seg over Donau, og så tilbake til hovudstasjonen, eller hlavná stanica, som dei seier her.

På éin av bussane utanfor hlavná stanica fekk eg igjen påminning om at Bratislava tilbyr god kvalitet for "halv pris"

Neste hint om at eg skulle koma til å lika meg i Bratislava, fekk eg då eg opna døra inn til junior-suiten i topp-etasjen på Clarion-hotellet.

"Stova" i junior-suiten var romsleg, og det var i kjøleskapet til høgre eg kunne forsyna meg frå den alkoholfrie og betalingsfrie minibaren.
God seng, god plass og god service i Bratislava. Jau, eg greidde å dunka borti kunsten på veggen bak meg før biletet blei tatt.

Sidan eg berre skal sova i Bratislava i kveld, må du følgja med på neste oppdatering, for å sjå òg lesa om opplevingane mine i den slovakiske hovudstaden.

Natta! ✨

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *