Dag tre starta med ålandspannkake. Namnet kan få ein til å tenkja på noko tynt som skal rullast saman, men her låg tjukke, gylne stykke på eit serveringsfat. Dette er tradisjonell langpannebakst med mannagryns- eller risgraut som grunnlag, smaksett med kardemomme og gjerne servert med sviskekrem og piska krem.

Etterpå fekk eg omvising i lagtingsbygget i Mariehamn. Ålands lagting er faktisk eit parlament, med 30 folkevalde representantar.
Åland høyrer som nemnt til Finland, men har òg eit sterkt sjølvstyre og kan laga eigne lover på mellom anna skule, helse og kultur. Det litle øysamfunnet har altså større politisk handlingsrom enn storleiken skulle tilseia.

Inne i plenumsalen var stemninga rolegare. Stolane var plasserte oppå pultane for sommaren, og dei ålandske flagga flankerte ein sal med mørkt treverk og eit stort kunstverk med ei blå stripe over podiet.

Så var det ut på sjøen igjen.
Mellom Åland og det finske fastlandet ligg vakre holmar, skjer og øyar som gjer det vanskeleg å bli ferdig med å sjå. Små flekkar av land blir avløyste av større øyar, før sjøen opnar og lukkar seg på ny.

Målet denne gongen var Åbo. Snart skulle den velkjende svensken rundt meg få konkurranse av finsk, og eg skulle gå frå å forstå det meste til å kunna lesa bokstavar utan å bli noko særleg klokare.

Slottet blei grunnlagt i 1280-åra som ei borg for den svenske krona, den gongen Finland var ein del av det svenske riket. På 1500-talet fekk det eit meir standsmessig liv som renessanseslott under hertug Johan. Seinare har det mellom anna romma fengsel og kornlager. Over sju hundre år med skiftande behov set tydelegvis sine spor, òg i eigedomsbransjen.
Frå bussvindauget kunne eg etter kvart studera det finske språket i praktisk bruk. Finsk er eit fascinerande språk, særleg når ein ikkje forstår det. Då kan sjølv namnet på ei burgersjappe sjå ut som byrjinga på eit nasjonalepos.

Framfor kiosken stod ein liten, blå leveringsrobot med fire hjul og eit oransje flagg. Her hadde framtida parkert utanfor ei burgersjappe.
Wolt og robotselskapet Coco starta matlevering med robotar i Åbo i mars 2026. Den kompakte bykjernen og dei korte avstandane gjer byen godt eigna til slikt.
Eg undra meg over tanken på at medan eg prøvde å forstå skilta som passerte, kunne ein liten, elektronisk kasse finna vegen til rett adresse med middagen til nokon.
Medan byen glei forbi på bussturen opp til bussterminalen og hotellet der eg skulle overnatta, kunne eg sortera inntrykka frå Åland og tru at eg hadde kontroll på resten av turen.
Det hadde eg sjølvsagt ikkje.
Det er nettopp derfor eg streifar. Eg veit kor billetten seier at eg skal, men ikkje kva som ventar når eg har eit mellomstopp eller kjem fram ein ny plass.
Bak meg låg skjergarden og eit land som ikkje er eit land.
Framfor meg låg det finske fastlandet, og endå fleire språk, togturar og geografiske krumspring.

