Dagen byrja i Åbo, med sekken på ryggen og grå skyer over byen.
Gatene var våte, og sommarskjorta mi var kanskje meir optimistisk enn vêrmeldinga. Nå skulle eg vidare med tog via Tammerfors til Helsingfors, og var klar til å aktivera Interrail-billetten.På vegskilta stod namna på både finsk og svensk: Helsinki og Helsingfors, Tampere og Tammerfors.Eit skilt viste at det var åtte minutt å gå til jernbanestasjonen, eller «Päärautatieasema», som det stod. Heldigvis stod både «Åbo centralstation» og «Turku Railway Station» på det same skiltet, i tillegg til ei pil som ikkje kravde språkkunnskapar.
Togreisa tok meg frå Åbo via Tammerfors til Helsingfors. Etter ferjereisene dei to siste dagane, var det fint å la skjenene bestemma retninga ei stund.
Eitt lite tips: Det er lurt å sikra seg setereservasjon, sjølv om ein har Interrail-billett. Eg fekk beskjed om at eg hadde tatt setet til ei ung dame. I Interrail-appen får du beskjed om å kjøpa setereservasjon på ein stor jernbanestasjon. Akkurat det fann eg aldri ut av, men den unge dama tipsa meg om at dette kunne gjerast i appen eller på nettsida til VR, det statlege jernbaneselskapet i Finland.
Vel framme i Helsingfors, var sentralstasjonen mitt første møte med byen.
Eg steig ut på perrongen og følgde folkestraumen mot utgangen. Framfor meg venta ein hovudstad som eg ennå ikkje kjende, men som eg hadde nokre timar til å bli betre kjent med.
Helsingfors sentralstasjon, eller Helsingin päärautatieasema, er teikna av Eliel Saarinen og opna i 1919.
Det første som fanga merksemda mi, var det ukrainske flagget som trona over inngangen. Midt over eit viktig knutepunkt i hovudstaden hadde nokon valt å visa tydeleg støtte til Ukraina. Eg har så langt ikkje lagt merke til noko tilsvarande på viktige bygg i Noreg, der ein knapt nok kan sjå det norske flagget.
Sidan eg hadde avgrensa med tid til å bli betre kjent med byen, gjekk eg ned til Senatstorget, for å reisa rundt med sightseeing-buss derifrå.
Høgt over Senatstorget ruvar Helsingfors domkyrkje. Kyrkja blei ferdigstilt i 1852, og er teikna av Carl Ludvig Engel, arkitekten som òg sette sitt preg på fleire av dei andre bygga rundt torget, samt Eckerö post- och tullhus, som eg så vidt hadde skimta på Åland to dagar tidlegare.Det store, gule bygget ved sida av Senatstorget, er det tidlegare senatsbygget, der senatet flytta inn i 1822. Etter at Finland blei sjølvstendig i 1918, blei senatet omorganisert, og bygget fekk namnet Statsrådsborgen, som viser til at det nå er regjeringsmakta som held til der.Lenger nede mot hamna låg presidentpalasset bak eit solid smijernsgjerde. Bygningen blei opphavleg bygd som bustad for ein rik kjøpmann. Seinare blei det kjøpt og gjort om til palass for den russiske keisaren, før det fekk si rolle som presidentpalass i den sjølvstendige finske republikken. I dag blir palasset brukt til offisielle møte, mottakingar og andre representasjonsoppgåver.
Like bortanfor presidentpalasset ligg marknaden på Salutorget, Kauppatori.
Oransje og kvite telttak fylte utsikta framfor hamnebygga. Legg òg merke til dei ukrainske flagga som vaiar i vinden over Ravintola Palace.Ute på ei lita øy dukka det opp eit kvitt bygg med raude tak og spir. Det såg nesten ut som ein villa som hadde fått litt frie taumar, og enda som eit lite eventyrslott. Dette var den historiske restaurantvillaen på Klippan, eller Luoto på finsk. Bygget er teikna av Selim A. Lindqvist, og blei ferdig i 1898.Vidare gjennom Eira fekk eg meir arkitektur å sjå på, men i ein heilt annan stil. Denne bydelen er kjend for villabygg og jugendstil-arkitektur frå tidleg på 1900-talet.Heilt nede ved sjøen kom byen brått tettare på naturen. Folk låg på svaberga, og langs stranda var det god plass til å rusla. Dette såg ut som ein stad der ein kort pause fort kunne blitt lang. I bakgrunnen står minnesmerket for alle som har hatt havet som arbeidsplass, og dei som aldri kom heim igjen.Mellom trea hang eit heilt landskap av stålrøyr, nesten som om eit digert orgel hadde flytta ut i parken. Monumentet er laga av Eila Hiltunen til minne om komponisten Jean Sibelius, og består av over 600 røyr som til saman veg 24 tonn.
Så kom eg til Riksdagshuset, den finske parlamentsbygningen, som stod ferdig i 1931. Etter besøket hjå lagtinget på Åland dagen før, var dette eit tydeleg hopp i storleik. Den breie steinfasaden og den lange rekkja med søyler gjorde lite for å tona ned kva slags bygning dette var.
Eg tok eit bilete med parlamentet i bakgrunnen, sekken på ryggen, sommarskjorte og eit uttrykk som kanskje var meir alvorleg enn planlagt. Bygget bak meg hjelpte heller ikkje til med å gjera motivet meir uformelt.På eit torg i Helsingfors kom eg over eit tilbod som ikkje stod i reiseplanen: gratis kaktusar. «Adopt your cactus», stod det over eit bord fullt av små, piggete planter som venta på ein ny heim.
Eg adopterte ingen kaktus. Med fleire land, ferjer og togreiser framfor meg, hadde eg nok med å halda styr på meg sjølv og bagasjen. Ein kaktus ville dessutan vore ein nokså krevjande passasjer å ha med seg mellom undertøy og sommarskjorter.
Så var det tid for endå ei ferje. Denne gongen gjekk turen frå Helsingfors til Tallinn, hovudstaden i Estland.
Eg blei sitjande med god utsikt mot bufféen. Det viste seg å vera underhaldning i seg sjølv.Eg blei forundra over kor spisse olbogar enkelte i reisefølgjet kunne ha når maten kom innan rekkjevidde. Folk trengde seg fram og tok lite omsyn til dei rundt seg. Det såg ut som om målet var å sikra seg mest mogleg av det beste, før nokon andre kom på den same idéen. Ein skulle tru at dette var den siste bufféen før vinteren.
Eg sat og såg på dette lettare usiviliserte kappløpet med tallerkenar, og lurte på kva det er med fri tilgang til mat som kan få vanleg køkultur til å bli igjen på kaien.
Gjennom vindauget var utsikta rolegare. Likevel var det noko absurd ved tanken på kor nær Russland eg nå var. Langt austover, inst i Finskebukta, ligg Sankt Petersburg. Denne russiske storbyen var ikkje synleg frå vindauget, men me var nært nok på kartet til at tankane gjekk dit.
Eg har lyst til å besøka Russland éin eller annan gong i livet; sjå landet, møta menneska og oppleva noko av historia og kulturen der. Men først må statsleiarane deira byrja å oppføra seg som ansvarlege vaksne, og stansa den meiningslause angrepskrigen mot Ukraina.
Det er ei merkeleg kjensle å vera på ferie i desse farvatna, med billettar og hotellreservasjonar som dei største bekymringane, medan andre får liva sine øydelagde av den same naboen.
I Tallinn venta eit nytt land og endå eit språk.
Estisk er nært i slekt med finsk. For min del betydde det at eg framleis kunne lesa bokstavane, utan å forstå særleg mykje. Nå berre på estisk.
Latvia og Litauen blir gjerne nemnde i same andedrag som Estland, men språka deira høyrer til ein heilt annan språkfamilie. Geografiske naboar er ikkje nødvendigvis språklege slektningar.
Etter kvart kom eg fram til Economy Hotel, like ved jernbanestasjonen i Tallinn; eit bygg som hadde meir historie enn namnet gav inntrykk av. Ifølgje hotellet si eiga historie, blei bygget reist som hotell i 1890, då med det langt meir storslåtte namnet «Grand Hotel».
Bygget blei bygd om i 1920, og overlevde bombinga av Tallinn under den andre verdskrigen. Etter skiftande eigarar i sovjettida, fekk det tilbake hotellfunksjonen, sidan 2010 som Economy Hotel. Frå «Grand» til «Economy» på litt over hundre år, altså.
Men før eg kunne slå meg heilt til ro for kvelden, måtte eg ordna neste etappe.
Eg hadde nå kome til ein del av Europa der Interrail-billetten min måtte supplerast med setereservasjon på den neste togreisa, frå Tallinn gjennom Estland, Latvia og Litauen mot Vilnius.
Informasjonen eg fann i Interrail-appen, sa at reservasjonen måtte ordnast på éin av dei store jernbanestasjonane. Då var det jo praktisk å bu like ved éin av dei.
Mindre praktisk var det at billettkontoret hadde stengt tjue minutt før eg endeleg kom fram til byen.
Der stod eg, med ein billett som skulle gje meg fridom til å reisa gjennom Europa, men utan reservasjonen som eg trong for å koma vidare neste dag. Ei forseinking på tjue minutt var plutseleg forskjellen mellom ein god plan og eit mogleg ekstraopphald i Tallinn.
Lettare irritert, og nokså uroa, sende eg ein fortvila e-post til operatøren og bad om hjelp til å få billett og setereservasjon. Så var det berre å venta.
Den seine vandringa var likevel ikkje bortkasta. Eg fekk tak i nedkjølt drikkevatn og noko enkel kveldsmat…
… og fekk dessutan ei flott utsikt mot Stenbock-huset oppe på Toompea-høgda.
Stenbock-huset er arbeidsstad for statsministeren og regjeringskontoret, og her held den estiske regjeringa møta sine. Huset stod ferdig i 1792, og var opphavleg planlagt som rettsbygning, men blei først bybustad for grev Stenbock. Regjeringa tok det i bruk i 2000.
Denne kvelden lyste fasaden i blått og gult over dei mørke trekronene. Det fekk meg til å tenkja tilbake på dei mange ukrainske flagga i Helsingfors tidlegare på dagen.
Tilbake på hotellet var hallen og gangen mot rommet fascinerande på sitt eige vis. Grønt teppe, kvite dører på rekkje og eit mørkt trapperekkverk gav huset eit preg som passa godt til historia. Her var det lett å førestilla seg at mange reisande hadde gått før meg, med heilt andre bagasjar og bekymringar.
Det som var mindre fascinerande, var temperaturen på rommet. Her fanst det inga luftkondisjonering som kunne hjelpa ein varm og etter kvart ganske sliten gjest.
Løysinga blei å setja vindauget på gløtt. Då byrja det sjølvsagt å pøsregna på blikktaket utanfor. Eg fekk valet mellom klam stillstand i lufta og friskare luft med trommekonsert.
Dag fire enda dermed i ei klam seng, med regnet hamrande utanfor, og eit håp om at nokon ville svara på e-posten min. Hotellet hadde overlevd sidan 1890. Eg rekna med at eg skulle greia éi natt.