Denne haustferien går ekspedisjonen frå Adriaterhavet i aust til Lisboakysten i vest. Undervegs er målet å besøka dei tre siste mikrostatane på det europeiske fastlandet som eg ennå ikkje har vore i: San Marino, Monaco og Andorra. Ja, dei er svært små land, men tre gode grunnar til å leggja ut på ein lang tur med tog og buss.
Reisefølgjet denne gongen er Nancy Øvrehus, ei venninne som eg har blitt kjent med gjennom arbeidet i Hjelmeland Teater. Me har òg felles familie: Ho er mor til to av tremenningane mine. Nå skal me finna ut korleis me fungerer som reisefølgje på tvers av Europa.
Turen starta med fly frå Stavanger lufthavn til Malpensa utanfor Milano. Derfrå tok me toget inn til motehovudstaden.
Smilet mitt røper at eg trivst med å vera på veg til ein ny ekspedisjon, nye opplevingar og nokre dagar der kvardagen får klara seg utan meg. (Foto: Nancy Øvrehus)
I Milano hadde me ein dryg time å slå i hel før neste etappe med tog via Bologna til kystbyen Rimini. Det gav oss tid til ein liten luftetur…
… og eit bilete utanfor sentralstasjonen.På plassen framfor jernbanestasjonen i Milano står eit digert eple, inspirert av Apple sin logo, men som tilsynelatande har fått operert på plass den manglande biten sin. Kunstverket heiter La Mela Reintegrata, som kan omsetjast til «Eplet som er gjort heilt igjen», og er laga av den italienske kunstnaren Michelangelo Pistoletto. Den manglande eplebiten er sydd på plass med store, synlege sting. Bodskapen med kunstverket er at mennesket og naturen kan førast saman igjen, og at teknologien kan hjelpa oss med å reparera brotet mellom menneske og natur.
Me rusla vidare bort til parken aust for stasjonen.
I fontena var det lite liv …… men bortanfor fontena, stod ei gammal drikkefontene som baud på vatn til tørste forbipasserande. Tilbodet blei vurdert, men freistinga var ikkje stor nok. Nancy fann derimot noko som måtte prøvast; ei «reila», som me seier på hjelmelandsdialekt.
Det var rundt 24 varmegrader i lufta, sjølv om sola hadde gått ned for lenge sidan, så det var på høg tid å finna noko å kjøla seg ned med.
På Lux Bar fekk me oss italiensk is, gelato, med pistasjsmak. Smaken var noko kunstig for min smak, men nedkjølinga var det ingenting å seia på.Og då isen var eten, viste det seg at botnen av kjeksen kunne få eit nytt liv som nase. Sa nokon Pinocchio? Dersom nokon ikkje forstår referansen: Italia er Pinocchio sitt heimland. (Foto: Nancy Øvrehus)Me svinsa rundt på den andre sida av jernbanestasjonen, der me såg ein elektrisk buss som lada på ein dedikert ladestasjon ved busshaldeplassen. Å fylla på straum medan bussen likevel står stille, verka som ei genial løysing. Slikt kan eg godt stoppa opp og begeistra meg over, sjølv om eg er ute på ekspedisjon.
Så var det på tide å få opp farten igjen. Toget hadde kome frå Torino, og plukka oss med frå Milano i retning Bologna.
Med ein fart på oppimot 300 kilometer i timen suste toget gjennom det nordaustitalienske landskapet.Me måtte byta tog i Bologna, for å koma fram til kveldens siste destinasjon: Rimini.
Etter ein spasertur frå jernbarnestasjonen i Rimini til Club House Hotel, var me endeleg framme ved det austlegaste punktet for reiseruta vår: Adriaterhavet.
Frå hotellrommet mitt hadde eg utsikt mot Bounty, ein kombinert pub og restaurant med pirat-tema. Rett bak låg den breie sandstranda, med Adriaterhavet i bakgrunnen.
Denne første dagen på reise blei først og fremst ein transportdag, men det er likevel noko heilt eige å endeleg vera på veg til nye eventyr. Ferda skal etter kvart gå vestover, heile vegen til Lisboakysten.